94 ungdommer på Ungdommens kulturmønstring og Jørn Trollebø Kvalheim som gjesteartist står på planen når UKM arrangeres i Vanylven denne helgen.

– I år er det 30-årsjubileum for UKM og då hadde vi lyst å få med ein gjesteartist. Ungdomsrådet hadde så lyst å sjå Idol-Jørn og han var ikkje vanskeleg å be, fortel Veslemøy Ervik, ungdomsarbeider i Vanylven kommune.

Ho meiner det er stor stas at Jørn kjem til UKM, som arrangerast laurdag i Olivinhallen i Vanylven kommune.

– Han kjem som ein superhelt til Vanylven, fortel ho og ler.

Akkuart no er det heile 94 påmeldte til ungdommens kulturmønstring i Vanylven. Ervik fortel at interessa for UKM er særs stor i kommuna.

– Dei 94 påmeldte er med arrangør, utstillarar, folk som hjelp til og dei som skal på scena. UKM er eit stort høgdepunkt for ungdommen i kommuna. Vi har satsa mykje på det og UKM er ein viktig del av å skape trivsel i Vanylven for ungdommen, seier ho.

Med 94 deltakera fortel Ervik at det blir eit spenstig og variert program under mønstringa.

– Det er mykje spennande å sjå; musikk, dramagruppe og dansegruppe, samt konferansier. Her er det stor stil på UKM og konferansierane har laga intro, akkurat som ein ser på TV, fortel ho.

Les  meir om kva som skjer i helga og i den kommande uka i fredagens papirutgåve av Fjordenes Tidende.