Rundt 130 publikummarar møtte opp for å høyre unge, lokale talent under årets Julesylte i Bremanger. I tillegg fekk dei òg servert namna som skal spele under årets Rockweekend 13.–16. juli i år.

– No har vi spikra helga i store trekk, og garanterer at kvalitetsmusikk står i høgsetet, seier komiteen.

– Denne Julesylte-jammen er ein innarbeida og populær tradisjon, og her treffer vi mange i rett målgruppe, fortel Igland.

På scena var det fleire lokale musikarar, frå alle bygder i kommunen.

– Vi har til dømes eit band frå Svelgen som sparkar kvelden i gong, og ungdomsbandet Silo held fram. Det er viktig for oss å etablere ein god møtestad for folk i heile kommunen, påpeiker Igland.

Vil vere attraktive

Å lage ein god møteplass står òg sentralt under Rockweekend, og komiteen fortel at dei ynskjer å gjere det til eit arrangement for alle.

– No har vi funne ein mal som vi er tilfreds med, og eit konsept som er akkurat stort nok – samtidig som det er lite og veldig intimt. Vi er komne litt tilbake til starten og har funne ut at det fungerer best.

Viser fram dei lokale

Komiteen fortel at ikkje alt er spikra sjølv om dei har dei største namna på plass.

– Det blir som alltid ein klubbkonsert på torsdagen som markerer startskotet, og så reknar vi med å få inn litt lokale musikarar, fortel Grotle og Igland.

– Med både lokale artistar og Norge sine øvste kremmusikarar trur vi det blir fantastiske musikkopplevingar. Vi håpar folk set av helga når dei planlegg sommaren!