Namn: Roger Olav IglandAlder: 53 årSivilstand: gift med KarineYrke: tømrarBustad: Iglandsvik i Ytre Bremanger

– Kva er du mest oppteken av? – At eg skal bli bestefar for første gong rett over nyttår, og at vi alle må vere klar over at vi kun lev ein gong.

– Kva gjer du på fritida?– Sikkert altfor lite, men når eg kjem meg ut av stolen er det å passe på sauedrifta vår, fjellturar i lag med Karine, vere medarrangør i Opplev Bremanger og Musikk Kafe. Eg brukar også mine eigenskapar som bassist i diverse grupperingar og slik går no dagane!

– Kven beundrar du? – Lett spørsmål, Karine! For alt ho gjer for at eg og ungane våre har det so bra som vi har det, ho er fantastisk!

– Kva er det beste med heimstaden din?  – Ytre Bremanger og Iglandsvik må vere noko av det flottaste landet vårt har å by på.Tenk på strendene, fjella, fjorden, Vetvika, Hornelen, alle småbrukarane som framleis røktar gardane sine, musikkmiljøet, Rockweekend, Bremanger Musikklag, fotballen med A-laget i spissen og alt anna som lokale eldsjeler får i stand! Alle desse tinga som eg har nevnt er med på å skape ei levande bygd å bu i, og ei spennande bygd å besøke.

– Kva hadde stått på di framside av Fjordenes Tidende?  – Evigunge Roger Igland vann 50 millionar kroner på hest, gir 10 millionar til opprusting av vegen mellom Kalvåg og Skatestraumstunellen.

– Kva ville du ha gjort om du var ordførar for ein dag? – Jobba knallhardt med å fremme mitt syn på at kystveien må ligge yst ute med kryssing over Tærøya til Florø og kryssing av Nordfjorden frå Angelshaug i Vågsøy til Tongane i Bremanger.

– Kva kulturoppleving hugsar du best? – Då vi i Opplev Bremanger arrangerte konsert med den Irske gruppa Tupelo i Vetvika. Vi rekna med to-tre hundre, men fekk omlag 1.500 publikummarar. Magisk!

– Kva har du på nattbordet? – Fjernkontrollen til fjernsynet.

– Kva nettstadar er du innom i løpet av ein dag? – Facebook, heimesida til John Fogerty og Yr.

– Kva er meininga med livet?– Det er eg usikker på. Eg trur at moder jord hadde klart seg svært godt utan oss.