I tillegg til at ho sjølv vart parodiert i revyen, fekk ho sjå ektemannen Mats Andersson i hovudrolla, spelt av Matias Navelsaker.

– Eg har gleda meg lenge, og føler at det sat skikkeleg i dag, smiler Navelsaker etter ei vel blåst framsyning for ein fullsett sal i Operahuset.

– Dette var ein heilt utmerka versjon av Mats, og eg er strålande fornøgd, smiler Janne.

Mats sjølv hadde ikkje anledning til å sjå revyen.

– Han er ikkje heime denne helga, men han skal nok få oppdatering, forsikrar Janne, og fortel at ho og Mats har invitert russen på hagefest heime i «villaen» på Eid.

Det var nemleg ein fest i villaen til Endal Andersson som var ramma for revyen. På gjestelista stod mellom andre lokale ordførarar, lærarar på Eid vidaregåande, Trond Giske, Lothepus, Madcon og fleire nasjonale kjendisar.

I tillegg til å ha ei av hovudrollene har Bøen også vore ein av dei fire revysjefane som har stått i spissen for å sy saman det heile. Det har også Eline Lillestøl, og dei to er strålande fornøgd med gjennomføringa.

– Manuset var ikkje klart før for to veker sidan, og vi har stort sett brukt dagane til øving sidan, så no er nok alle veldig lei av oss, ler dei.

Dei seier at det var ein draum som danna grunnlaget for handlinga.

– Eg vakna av at eg drøymde om ein villa, og så har vi jobba vidare med det til vi til slutt enda opp med at Mats skulle ha ein kjempestor fest for å sette Nordfjordeid på kartet igjen, fortel revysjefane.

Til stor glede for publikum inkluderte showet både parodiar av kjende fjes, nasjonale og lokale «skandalar», ferjetrøbbel, stengde vegovergangar og 15.000 sveler. Også Kristin Maurstad var med, her som «kaptein på det søkkande skipet Vågsøy».

– Det er viktig for oss å spele på det som folk kjenner til. Vi tenker jo at vi kanskje burde spurt dei vi parodierer, men det er viktig å understreke at vi overdriv veldig – og dessutan er jo poenget å overraske!