Når Liverpool spelar sine heimekampar på Anfield komande sesong, blir eidaren Aleksander Raftevold å høyre over stadionanlegget.

– Eg vart litt paff då eg eg fekk førespurnaden. Eg måtte lese meldinga eit par gongar før eg forstod kva eg vart spurt om. Men når eg først skjønte kva det dreia seg om var eg ikkje i tvil om kva eg skulle svare, fortel Raftevold, som er artist under namnet Aleks Grey.

Det er låta hans Unstoppable som no har hamna på same speleliste som den legendariske låten You'll Never Walk Alone.

Det var under Raftevold sin uteksamineringsseremoni frå LIPA (The Liverpool Institute For Performing Arts) at det heile starta. Utan at artisten visste det sat musikkansvarleg på Anfield i salen.

Paul McCartney og Aleksander Raftevold under uteksamineringsseremonien.

Morgonen etter seremonien vakna Raftevold til ei tekstmelding på telefonen. Der stod det: «Hi aleksander. I was at your graduation yesterday. I am the stadium d.j. At ANFIELD and would love to play "unstoppable " there. Is it available anywhere?»

– Laget mitt er vel eigentleg Burnley, men eg er litt Liverpool-entusiast også. Det som er heilt sikkert er at eg fotballidot, og for ein som er det var dette ein heilt fantastisk førespurnad å få, smiler eidaren, som ikkje utelukkar at det blir ein tur til Anfield i løpet av sesongen.

– Eg trur det kan bli litt rart å høyre sin eigen song, men også enormt kult! I februar spelte eg på Manchester City sin arena før ein heimekamp, og det var heilt fantastisk!

Raftevold omtalar songen Unstoppable som ein stå på-song, og trur det er litt av grunnen til at den vart plukka ut.

Men det er ikkje berre fotballklubben som har plukka opp songen. Denne veka fekk Raftevold ein førespurnad frå ein produsent av eit radioprogram på BBC, som gjerne ville nytte songen.

– Det har vore ein heftig sommar, så no ser eg fram til å skrive og spele inn ny musikk her i Oslo, fortel artisten.