Kari og Michael Pavelich har gått i bresjen for kulturvikling. Sjølv meiner dei livet hadde vore fattigare utan musikken.

– Musikken har alltid vore der for oss, både på heimebane og profesjonelt. Det å sjå korleis Eid har forandra seg på kulturfronten dei 20 siste åra er heilt fantastisk, fortel Kari Standal Pavelich og Michael Pavelich.

God timing

Kari fekk napp hjå den nystarta kulturskulen i Eid. Dei hadde ledig rektorstilling og ein jobb som lærar. Kari hadde aldri administrert ein kulturskule og Michael hadde aldri dirigert skulekorps, men dette stoppa dei ikkje.

Parallelt med undervisning og styring deltok ekteparet på operaframsyningar i Førde og Kristiansund, og det var etter dette ideen om opera på Nordfjordeid kom til.

– Den fyrste dagen eg var tilbake på jobb etter permisjonen eg fekk for å vere med i Kristiansund, gjekk eg i gang med planlegginga, fortel Kari.

– Eg gjekk inn på kontoret til Berge Bjørkedal, som var min overordna, for å fortelje at eg var gravid. Då spurte han, med eit smil, om det var planlagt slik at eg kunne sette opp ein opera til, ler Kari. Planlagt eller ikkje, sidan den gong har det vore årlege operaframsyningar på Eid.I 2000 kom Opera Nordfjord inn på statsbudsjettet og Kari vart tilsett som operasjef, og fem år seinare vart ekteparet tildelt Fylkeskulturprisen for arbeidet med Opera Nordfjord.

I 2009 vart Operahuset Nordfjord ferdigstilt og Kari og Michael fekk saman med innbyggarane i regionen det ekteparet i dag omtalar som sin andre heim.

Lar seg ikkje skremme

Kari har fylt huset med operaframsyningar og Michael har engasjert songglade ungdomar i skulemusikalar i fleire år.

– Det å jobbe med skulemusikalane inspirerer meg. Eg pleiar å samanlikne det med ein fødsel. Undervegs i øvingsperioden er det rier og vanskeleg, og ein spør seg kvifor ein har sagt ja til dette. Men så står ein der, elevane gir alt og babyen er komen. Då tenker eg med ein gong – kva skal vi gjere neste gong? Det er sikkert litt slik Kari har hatt det når vi har fått seks barn. Heldigvis har verken ho eller eg blitt skremt, smiler Michael.

Dei seks barna har alle arva interessa for musikk.

– Det har aldri vore eit krav frå vår side at dei skal drive med musikk, men sjølvsagt er det veldig kjekt at vi har eit felles språk gjennom musikken. Dei tre eldste måtte vere med på kulturskulekonsertar og dei tre yngste vart fødde inn i operaen. For å seie det på ein annan måte, så er ikkje ungane våre så veldig flinke til å gå på ski, så det er ikkje alt vi har klart å lære dei, seier Kari og Michael.