I dag gjekk startskotet for dag tre av Måløy Havfiskefestival. Leiinga fortel om større pågang enn forventa.

– Då vi opna dørene til teltet i går føremiddag, stod det allereie kø utanfor. Gjennom heile dagen var det eit jamt trykk, fortel dagleg leiar for festivalen Sunniva Oldeide, som har fått mykje positiv respons på årets festival så langt.

I dag er det fiskarane som deltek i Norges Cupen som fyrst skal i aksjon. Før utreise i dag tidleg fekk fiskarane seg eit kurs i korleis dei skal bløgge fisken.

Arrangørane var ikkje nøgde med korleis fiskarane hadde bløgga fisken.

– Vi har fått inn altfor mange fiskar som ikkje ser ut. Pass på at det blir gjort skikkeleg, oppmoda arrangørane, som fortel at det ikkje er det beste fangståret så langt.

Seinare i dag er det ulike bedrifter som skal prøve fiskelukka i bedriftskonkurransen, og i morgon er det folkeklassa som skal i aksjon.