Vågsøy-jenta Oline Birgitte Nave (20) ser fram til å vere produksjonsassistent for tredje sesong av SKAM.

Nave var den heldige av 15 håpefulle som søkte på den gjeve praksisplassen i NRK.

– Det er ein heilt ny måte å lage TV på, og etter mi meining også det beste som er på norsk TV akkurat no. Det blir spennande og lærerikt å få vere ein del av det, seier ho og legg til:

Det siste året har Nave gått TV-produksjon på Danvik Folkehøgskule i Drammen, og det er gjennom ei ordning ved skulen, som tilbyr eit andre år, at ho no går inn i praktikantrolla.

– Eg hadde eigentleg tenkt å byrje å studere, men kunne ikkje la ei slik moglegheit gå frå meg utan å søke, fortel ho og innrømmer at ho ikkje trudde ho kom til å få plassen.

– Alt gjekk veldig fort. Eg blei kalla inn til intervju og fekk plassen same dag. No gler eg meg veldig til å komme i gang august, smiler ho.