– Vi kjenner oss igjen i veldig mykje av det som skjer i SKAM, fortel elevane i 1 STA-klassa ved Måløy vidaregåande skule.

– Serien er veldig realistisk, og mykje av det som skjer, kunne like godt ha skjedd her i Måløy, seier Elisabeth Sæbøe Strand som saman med klassekameratane i 1 STA har sett alle episodane av NRK-serien SKAM.

– Det er nok ikkje så stor skilnad på problemstillingane som møter ungdom i storbyane og problemstillingane vi står overfor her som ein kanskje skulle tru, seier dei.

Vågalt og ekte

Den populære NRK-serien har teke ungdom over heile landet med storm, og innhaldet i episodane har retta søkelys mot mange vanskelege tema.

Elevane i 1 STA trur at dette kan vere med på å gjere det lettare å snakke om tabubelagde emne.

– Av å sjå på SKAM vert vi meir bevisste på problem i samfunnet rundt oss, og då er det enklare å snakke om dei. Det er fengande underhaldning som er samfunnsnyttig, seier Shehroz Ali.

Han trur grunnen til at serien har slått så godt an, er dei kontinuerlege oppdateringane på sosiale medium og at språket og handlingane til karakterane er meir vågale og ekte enn i andre TV-seriar.

– Det at alt skjer her og no gjer at ein føler ein kjenner karakterane. Dei vert oppfatta som ekte personar som ein følger på snapchat og Instagram som vanlege folk. Dei bannar og viser fram korleis livet til ungdomen no til dags faktisk kan vere, seier han og får støtte frå klassa.

SKAM i undervisninga

Kontaktlærar for 1 STA, Per-Magne Løken, synest det er interessant å høyre kva elevane meiner om serien. Nyleg viste han fram eit klipp frå SKAM i ein norsktime han hadde med klassa.

– Eg var nysgjerrig på kvifor elevane var så opptekne av dette, og viste fram eit klipp rett etter at det blei lagt ut. Det var interessant å observere dei medan dei såg på, seier han.

Løken fortel at han har sett seg godt inn i kva SKAM er, sjølv om han ikkje har følgt med mykje sjølv. Han er ikkje framand for å bruke serien i skulesamanheng.

– Om ein skal bruke dette i undervisninga er avhengig av om ein klarar å sette det i ein samanheng med pensum. Uansett er det ei kjelde til å forstå ungdom, seier han.