– Vi starta sesongen med ei ambassadørhelg. Deltakarane var mellom 13 og 17 år og kom frå Bergen, Oslo, Stockholm og Göteborg. Målet er at desse skal spreie surfeglede blant jamaldrande og forhåpentlegvis få dei til Hoddevik, seier country manager Stine Slaaen i Lapoint.

– Det er verkeleg ei perle. Eg har vore der ein gong sjølv, og eg skal garantert tilbake. Folk kjem igjen og igjen fordi dei diggar plassen. Hoddevik er blant augesteinane til Lapoint, understrekar Slaaen.

Ein god stad for nybegynnarar

Kvar sommar samlar Lapoint om lag 170 ungdomar i Hoddevika på ungdomscampar. I år ser dei på moglegheitene for å utvide sesongen, og håpar på fleire deltakarar.

– Om du er på camp på Bali eller Costa Rica har du mange moglegheiter til å gjere ting aleine. I Hoddevik er mesteparten av aktivitetane basert på gruppeopplevingar.

På sommarcampane står felles måltid, fjellturar, tennis, fotball, longboard, bading og leikar, i tillegg til surfing, på programmet.

Ein god stad for nybegynnarar

Slaaen fortel at det er grunna ei aukande interesse for surfinga at dei ser på moglegheitene for å utvide tilbodet om sommarcamp.

– Det er veldig bra bølgjer for nybegynnarar på Stad, samstundes som der også er bølgjer for dei som har surfa ein del. Om ein samanliknar med til dømes Lofoten, så er der litt røffare bølgjer og ein del steinar, medan ein i Hoddevik har ei flott sandstrand.

Slaaen understrekar at dei er svært opptekne av tryggleiken når dei arrangerer surfesamlingar.

– Tryggleiken er veldig viktig for oss. Der er alltid mange vaksne til stades, og ungdomane lærer mykje om korleis dei skal oppføre seg i vatnet, forklarar Slaaen.