– Det er bra at vi fjernar all denne plasten slik at det ikkje øydelegg naturen. Blir plast brote ned i naturen blir det mikroplast som fisken får i seg, så får vi det i oss gjennom fisken. I verste fall kan det vere dødeleg for menneske, trur 6.-klassingen Lillian Johanne Prestvik.

Vi møter henne saman med andre elevar og lærarar frå Stadlandet skule i samband med miljøveka. Til saman var kring 110 elevar med på oppryddinga. Staden dei valde ut for å plukke plast var stranda ved Drage.

Frå heile verda

Elisabeth L. Nygård og Kristine Kvamme trur det er verdsproblem som flyt i land i store mengde på Stadlandet.

– Det verkar som det kjem inn med havet. Vi har funne spor etter plast både frå Amerika og Russland. Vi har ikkje funne noko vi kan knyte til lokale ureinarar. Det er fælt å sjå. Mange lever av havet her, det er sjølvsagt ikkje bra at det blir kasta mykje plast i havet. Miljøveka gjer at vi opnar auga, konkluderer dei medan dei ber ein velfylt sekk mellom seg på veg til konteinaren. Då vi var på besøk, hadde elevane fylt to konteinarar med plast og den tredje var på veg. Konteinarane vart sende til miljøstasjonen på Sandane der dei tek seg av gjenvinning.

Trekte inn ulike fag

Ideen til søknaden kom frå Gry Hansen. Ho er mest kjent for Yoga-skulen ho driv, men har også engasjert seg i miljøarbeid.

– Vi fekk med bedriftsforeininga på ein søknad, og tok kontakt med skulen då vi fekk løyvd pengar. Det mest nærliggjande var å bruke midlane på born og unge som trass alt skal leve med miljøet i framtida. Eg trur det er dei som må løyse plastproblemet, seier ho.

Lærar Siv Tonje Otneim har organisert miljøveka.

– Måndag, tysdag og onsdag var ulike klassar her og plukka plast. Torsdag var det kreativ dag på skulen der vi laga kunst av ting vi har funne. Vi har også hatt journalistprosjekt her for å dokumentere. Fredag blir det ulike presentasjonar. Vi dreg både samfunnsfag, handverk og naturfag inn i miljøveka. Det handlar om å gjere elevane medvitne på plast som eit miljøproblem, seier Otneim.

– Vi må vere førebilete

– Vi som lever av havet må vise veg og vere førebilete, seier styreleiar Olav Steimler i Stadlandet Bedriftsforening.

Steimler er også direktør for kommunikasjon i Ervik Havfiske Gruppen, eit av verdas største linereiarlag.

– Alle er positive til tiltak der vi går framfor og viser veg saman med born og unge. Då vi søkte om midlar og fekk 611.000 kroner frå miljødirektoratet for å organisere og rydde strender i Nordfjord, fann vi ut at det beste vi kunne gjere var å samarbeide med skulen. Ein ting er å rydde, ein annan ting er å lære opp. Det er eit stort opplegg der vi har engasjert lokale krefter. Vi har sett opp eit budsjett, og alle midlane kjem til å gå med. Mykje går til skulen for jobben med å organisere. Men pengane skulen tenar på dette går ikkje til å kjøpe skulebøker, det går til nye fellestiltak, seier Steimler.

Eit punkt på programmet er at ungdomsverksemda NAPO UB frå Florø kjem til skulen for å informere om utfordringar og konsekvensar av plast i naturen. Denne verksemda med 13 ungdomar har gjort temaet med plast og ureining til ein forretningsidé.