Heile ti solistar frå korets eigne rekker var på golvet då Stormklang song jula inn. Blant dei 14 år gamle Andrea og Mathilde.

Andrea, som er frå Deknepollen og Mathilde frå Raudeberg, begynte i koret i år.

– Og så går de rett på solo?

– Jada! seier jentene og ler.

Dei er ikkje heilt ukjende med song og musikk. Andrea går på Margot Kiis sin songskule og Mathilde har nyleg blitt med i Måløy Soul Children. Det var songen som freista jentene til å begynne i koret.

Les også:

– Det er kjekt å synge, og eg likar å lære nye songar, seier Andrea.

– Desse to var heilt fantastiske i kveld! Det er viktig å få med nye krefter. Då kan vi meir erfarne trekke oss roleg tilbake, skyt mangeårig Stormklang-medlem Jarl Vedvik inn frå sidelinja.

Trygge rammer

Dirigent Hilde Hagen har ofte før rost det gode samhaldet i koret, og ho trur også det kan ha noko med den gode tilgangen på solistar å gjere.

– Vi har mykje glede, tryggleik og omsorg for kvarandre i dette koret. Alt du gir det får du tilbake, seier Hagen.

– Og vi har jo jobba mykje med dette. Det varmar når folk i salen smiler, slappar av og kosar seg. Då kan vi slappe av også, legg ho til.

Song jula inn

Rammene rundt Stormklang sin Tenn Lys-konsert er dei av ein tradisjonell julekonsert.

– Vi har eit songutval som plukkar ut songane. Men det er klart at vi nokre gonger tek opp igjen det vi veit fungerer. Og jul er jul. Vi må ha med dei vanlegaste julesongane, seier dirigenten.

Under konserten laurdag fekk publikum høyre kjende og kjære julesalmar som Det lyser i stille grender, Glade jul og sjølvsagt Deilig er jorden som avslutning på heile konserten.

Meir moderne songar med juletematikk som Driving home for Christmas av Chris Rea, When the Lights All Shine og Når himmelen faller ned av Anne Grete Preus falt også i smak hos publikum, samtidig som det svinga under Feliz Navidad og Mary's Boy Child.

Dirigenten sjølv fekk også vere solist på to nummer, Himmel på jord og Blessing.

– Vi vil også takke Frode Helgestad for lyden og Linea som hjelpte han, avsluttar Hagen.