Allereie neste sesong kan gjestane på Nordfjordhjort få lamakjøt på tallerken. – Det blir jo litt eksotisk, seier eigar Kai Nave.

Kai Nave og Anette Agledal driv hjortefarmen på Nave og har for tida mange ballar i lufta. Mellom anna har dei lyst til å drive med oppdrett av lama, og satsar på å kunne slakte allereie neste sesong.

– No har vi 11 lamaer, så slik det ser ut no kan vi slakte dei to neste åra, seier Nave. Han legg til at flokken då burde bestå av rundt 30 lamaer. – Det er jo litt synd å slakte dei, men ein kan ikkje berre auke bestanden, meiner Nave.

Vil bygge slakteri

Sidan det er hjorteoppdrett som er kjernen på farmen, jobbar paret med å få på plass eit slakteri.

– Vi har sendt inn søknad, men ting går veldig treigt, fortel Nave. Han påpeiker at det er mange strenge reglar og krav, blant anna med tanke på reinslegheit.

– Førre veke hadde vi besøk av to grupper med eldre, i tillegg til Skavøypoll sin sommarskule. Det var høgt energinivå og god stemning uansett kven som var på besøk, fortel Nave. Han seier at borna frå sommarskulen synest det var stas å padle i kano, fiske og steike krede, skyte pil og boge, og mate dyra.

– Denne veka gler vi oss til vi får besøk av seks grupper frå Eid, smiler han.

Ventar framleis på svar

I rekkja av aktivitetar ynskjer paret også å få på plass eit dagtilbod for demente.

– Vi har søkt om statlege midlar, men ikkje fått svar endå, seier Nave. Han fortel at Anette er hjelpepleiar, og brenn for at demente skal ha gode opplevingar «i nuet».

– Besøkande set alltid mest pris på nærkontakt med dyra. Det er spesielt når dei et rett frå hendene, og særleg dei eldre synest dette er ei oppleving i seg sjølv, understrekar Nave. Han legg til at dei allereie har ein dement på hjortefarmen fast, men i privat regi.

– Brukaren har stor glede av tilbodet, så vi håpar å kunne ta i mot fleire i same situasjon.