– Draumen er å kunne tilsetje nokon og drive det på heiltid, seier Anette Agledal i Nordfjordhjort.

Hjortefarmen på Nave har dette året hatt grupper med demente, psykisk utviklings- hemma, skular og barnehagar på besøk. Til hausten håpar dei å bli godkjend som «Inn på tunet»-gard, som er tilrettelagde og kvalitetssikra velferdstenester på gardsbruk der tenestene skal gje meistring, utvikling og trivsel.

– Det er dokumentert at kontakt med dyr er positivt for demente, seier Agledal, og håpar å kunne drive dagtilbod for demente på hjortefarmen på Nave på heiltid.

Har rett på eit tilbod

Til vanleg arbeider Agledal som hjelpepleiar og ser moglegheita til å bruke kompetansen sin til å skape ein fulltids arbeidsplass på hjortefarmen med dagtilbodet. Demente har rett på eit dagtilbod, og Kulatoppen omsorgssenter i Vågsøy og Eid omsorgssenter har vore positive til tiltaket.

Agledal håpar å kunne ta imot grupper frå fleire kommunar.

– Ein ser at dei som får demens og Alzheimer blir yngre og yngre. Kva er betre enn å få vere ute i naturen med dyr? seier ho.

– Ligg i fingrane

Fleire av dei eldre som har vore på hjortefarmen kjenner att mange av aktivitetane.

– Fleire av dei som kjem hit kjenner att ting frå gammalt av, for eksempel korleis ein held taumane til hesten når ein rir. Det ligg i fingrane. Også det å vere ute og fiske og stelle med dyr. Det er utruleg kjekt å sjå kor dei kosar seg når dei får vere med ut og gjere ting. Det er noko heilt anna enn å sitje inne heile dagen på eit eldretun, fortel Agledal.

For gründerane på Nave er det ikkje dei økonomiske aspekta som driv dei, og til no har det for det meste vore utgifter.

– Det vil ta mange somrar før vi byrjar å tene pengar på dette, men det er heller ikkje vårt hovudfokus. Når vi snakkar med grupper som er her, og folk fortel at dei har kosa seg og hatt det kjempekjekt, då har vi oppnådd målet vårt, seier Agledal.

– Det er ein dyr hobby, seier Kai Nave, som i tillegg arbeider offshore i Nordsjøen.Det slit likevel ikkje på motivasjonen.

– Eg blir ikkje lei, smiler han.