Programmet til årets Elvisfestival er klart. Arrangørane har eit luksusproblem: Alle artistane vil tilbake til festivalen, men leiinga ønskjer fornying.

– Alle som har vore her tidlegare vil tilbake. Vi får så mange førespurnader, men må samstundes fornye oss. I år har vi valt å mikse artistar som har vore her tidlegare med nye, på grunn av den sterke pågangen, fortel arrangørane Helge Hjelle og Lars Kjølen, som er over seg av begeistring for årets program:

– Det er det største og beste artistprogrammet vi nokon sinne har hatt. Nivået har gått rett i taket, seier Kjølen.

Plukkar av dei beste

Arrangørane har booka inn fire internasjonale artistar til årets festival. Elvis-imitatoren Gordon Hendrics frå Manchester er ein av dei. Artisten skulle eigentleg opptre under fjorårets festival, men rakk det ikkje.

Helge Hjelle (t.v.) og Lars Kjølen meiner årets festivalprogram er det største og beste i festivalen si historie.

– Gordon hadde eit show i Royal Albert Hall den same helga, og kunne difor ikkje kome, så vi er veldig glade for å ha namnet hans på plakaten i år. Han er ein av topp tre Elvis-songarar i England, understrekar Hjelle.

Frå Honolulu på Hawaii kjem Elvis-imitatoren Johnny Fortuno og Gary Moore, som er Little Richard-imitator. Dei skal halde fleire show under årets festival.

– Fortuno gjer showet «Legend in Consert» seks dagar i veka på Honolulu, men vi har klart å rive han vekk frå oppgåvene sine der for å kome til Måløy. I 2014 var Fortuno her, og han vart svært populær, seier Hjelle, som fortel at han også ønska å kome tilbake i fjor, men at han då ikkje var blant dei utvalde.

Rockesirkus

Ein annan artist som har slept gjennom nålauge og får stå på scena under festivalen for andre gang er artisten Zelimir frå Serbia. Han var i Måløy under festivalen i 2015.

– Det einaste ordet eg kan bruke om årets festival er heilt fantastisk! Dette blir eit kanonprogram både i gata, kyrkja og teltet.