– Vi utvidar dagprogrammet og aktivitetane i gata og vi har fleire artistar enn nokosinne, fortel festivalgeneral Helge Hjelle og Lars Kjølen.

Under festivalen 11.-13. august skal mellom 50 og 60 aktørar bidra til underhaldninga, og Hjelle og Kjølen håpar ein kan få til ei heil veke med Elvisstemning i Måløy sentrum.

Brukar gata

Hjelle og Kjølen håpar aktørane i gata vil vere med på oppladinga til festivalen

– Vi vil oppfordre butikkane til å starte utstillingane sine allereie på måndagen, så vi får ei god oppkøyring til torsdagen, då det verkeleg brakar laus. Publikum kan gjennom ei avstemming vere med på å bestemme kven som har den beste utstillinga, og den butikken blir det gjort stas på under showet i festivalteltet laurdagen seier Hjelle, og legg til:– Vi skal ha to scener i gata med solistar og band, men vi skal i tillegg styrke programmet med to grupper. Det blir underhaldning frå scena gjennom heile dagen, både fredag og laurdag. Her skal vi blant anna ha «Elvis på nynorsk». Det er viktig for oss å skape aktivitet i sentrum.

«Viva Las Vegas»

Sjølve festivalen startar onsdagen med framsyning av «Viva Las Vegas» og «Flaming Star» ved Måløy kino.

Torsdag arrangerast kyrkjekonserten «An American Trilogy». Eit arrangement som tidlegare år har vore populært. – Vi legg opp til ei førestilling, men om det blir stor pågang er vi opne for å ha ein ekstra konsert. Vi skal ha ti solistar, både lokale, nasjonale og internasjonale. I tillegg blir det orkester og eit kor, som består av medlemmar frå fire lokale kor, seier Hjelle. Som tidlegare år blir det show både fredags- og laurdagskveld i festivalteltet Graceland. Fredag er det showet «Viva Las Vegas», som Elvis framførte på Hilton i Las Vegas. Dette skal framførast i sin heilskap. Laurdag er det showet «Such a Night», som Elvis framførte på Pearl Harbor i 1962. – I etterkant av showa blir det fleire stjernedryss, som ikkje berre skal synge Elvis, seier Hjelle og Kjølen.