– Vi prøver å lage til noko for heile familien. Det er veldig kjekt at det kom så mange på dagen i hamna, smiler leiar i Stadlandet idrettslag Margareth Leivdal.

Sommaraktive Stad starta fredag, då var det fotballdag for store og små. Laurdag var det aktivitetsdag i Korsen og Ægir Dykkerklubb rydda havbotnen rundt Furebuda og kaia. På kvelden vart det arrangert jonsokfeiring i Hoddevika med «Farmen tvekamp».

Den komande veka er det fleire arrangement i samband med Sommaraktive Stadt.

I dag, måndag, har det vore surfing i Hoddevika, volleyballturnering på bana ved hamna og yoga, samt at Jonaslåven i Ervik er open. Det er den kvar dag denne veka.

Tysdag er det rekrutteringsskyting ved Stadlandet skyttarlag og paintball. Onsdag er det volleyballturnering og yoga.

Laurdag arrangerast den tradisjonelle Korsdagen på Stadlandet Grendahus.