– Vi er mange som dreg dette lasset i lag i år, difor har vi svært mykje å tilby heile veka, seier Margareth Leivdal, leiar i Stadlandet idrettslag.

Ein dag er ikkje nok for å oppleve mykje av det Stadlandet har å by på, skriv idrettslaget i ei pressemelding. I år som i fjor går lokale arrangørar, idrettslag og næringsliv saman for tilby ei heil veke med aktivitetar for små og store rundt om på Stadlandet. 7. -15. juli er datoen for Sommaraktive Stadt. Med seg har dei fått mellom anna båtlaget, ungdomslaget og skyttarlaget.

– Det vil difor bli eit allsidig og fullspekka program både for vassportinteresserte og idrettsinteresserte, til dei som likar rolegare aktivitetar, som yoga, turar og rakvedkurs, seier Leivdal.

Fotball, surf og vassport

Fredag 7. juli blir aktivitetsveka sparka i gong med fotballturnering for både barn og vaksne.

– Her vil fotballgruppa gå aktivt ut å utfordre både organisasjonar og bedrifter til å stille lag, seier Leivdal.

Under fjorårets aktivitetsveke var surfing ein svært populær aktivitet. Og dette kan ein prøve seg igjen på i år då ein vil ha to dagar med surfeaktivitetar i Hoddevik og Ervik.

Andre arrangement i løpet av veka er familiedag på hamna på Leikanger søndag.

– Der blir det fiskekonkurranse, besøk av Eliasbåt, og eit rikt utval i vassportaktivitetar som vasscooter, kajakk og wakeboard.

I tillegg vil StadtGym ha konkurransar på treningssenteret den første helga i aktivitetsveka.

Sykkel, paintball og volley

Andre aktivitetar som står på agendaen denne veka er Sykkeldag, paintball-konkurranse, grillkveld og volleyball- turnering.

– I tillegg vil skyttarlaget på Stadlandet ha arrangement på skytebana, og det vil bli ein fin arena for å kunne rekruttere nye medlemmar, trur arrangørane, som også ber folk vere merksame på at nokre av aktivitetane krev påmelding.

Arrangørane legg også vekt på at dette er ei veke der ein kan nytte høve til å vekke interesse for nye aktivitetar og tilbod.

Sommaraktive Stadt blir avslutta med den tradisjonelle Korsadagen 15. juli med aktivitetar i Korsen på Leikanger, og dans om kvelden.