Harald Kolseth har invitert med seg folk frå DNT Oslo si vandregruppe på ein seglas frå Nordfjordeid til Ålesund. Undervegs på ruta er det stopp med innlagde turar.

– Det er veldig spektakulært og eksotisk for oss å kome stadar der vi aldri elles ville kome oss. Både fordi vi ikkje er kjende i området og fordi vi ikkje hadde kome oss dit med bil, fortel Bjørg Simonsen, ein av fem frå DNT Oslo si vandregruppe som har valt å bli med på seglas med båten Fruens Vrede.

I løpet av dei tre første dagane hadde mannskapet om bord, som består av kaptein Harald Kolset, Bjørg Simonsen, Kari Aanonsen, Renate Franzki, Gunnhild Vikhamar og Kjell Hertaas, hatt to fotturar.

Gruppa omtalar turen opp dei 950 høgdemeterane som heilt fantastisk.

– Vi var litt spent på snøforholda, men det gjekk veldig fint, og når vi kom opp hadde vi ei heilt fantastisk utsikt, samanfattar Simonsen.

Turen vart avslutta med fiskemiddag på Dampen.

– Vi skal prøve å ha dei fleste måltid i båten. Vi har med godt med proviant, men så langt har det blitt fiskemiddag og pizza utanfor, tilstår gruppa.

Dagen etter gjekk turen vidare til Rugsund der Kolseth sette gruppa av ved Rugsund handelsstad og plukka dei opp at ved Tangane fort. Då hadde dei gått Rugsundøyna på langs.

– Det er heilt fantastisk natur i området. Berre det å sjå fjella frå båten gir ein ny dimensjon, seier Simonsen og Hertaas.

Seglasen gjekk så vidare til Måløy, der dei låg og venta på vêret. Planen var å kome til Ålesund laurdag 7. mai. Der kjem det på nytt mannskap som skal vere med på turen tilbake til Nordfjordeid.

I forkant av seglasen har gruppa laga seg ei liste over stadar og toppar dei ønskjer å besøke, og øvst på lista står Hornelen og Selja kloster.

– I fjor hadde vi to forsøk på å nå toppen av Hornelen, og eit vart vellukka, fortel Simonsen, som var med på seglasen som gjekk frå Nordfjordeid til Bergen i fjor.

– Fjellet ser utruleg majestetisk ut frå sjøen, seier Hertaas. Mannskapet tar turen som den kjem og er aktivt med på å bestemme ruta undervegs på seglasen.

Innvendig minner båten mykje om ei trong fjellhytte. Kari Aanonsen (f.v.), Harald Kolseth, Renate Franzki, Gunnhild Vikhamar, Bjørg Simonsen og Kjell Hertaas har funne seg godt til rette.

Kolseth har arrangert fleire turar med fjellfolk om bord. Han meiner dei utgjer eit godt mannskap i Fruens Vrede.

– Forholda om bord kan minne veldig om ei trong fjellhytte og det blir veldig tett, noko som ikkje er ukjent for fjellfolket, forklarar Kolseth.

For fire år sidan arrangerte han ein tur til Shetland og Orknøyane saman med nevøen, som er knytt til DNT i Oslo, og i fjor gjekk turen frå Nordfjordeid til Bergen.

– Det har vore veldig kjekke turar, og det har vist seg at det er eit godt konsept, seier han.

Ideen kom til då Kolseth for fem-seks år sidan hadde med seg ein kollega på ein segltur langs kysten.

– Han var ikkje noko utprega båtmann, men det viste seg fort at dette er noko som kan passe for dei fleste, konkluderer kapteinen.

– Eg syns konseptet er veldig bra sjølv, og eg er med på nokre turar når eg har tid og overskot, men dei går veldig fort desse eg har med meg i båten no, seier Kolseth.

Elles er han i båten og anten ventar på fjellfolket eller køyrer vidare til ein avtalt møteplass og plukkar dei opp.

– Eg kjedar meg ikkje. Det er alltid noko å gjere om bord i båten, fortel Kolseth.