Måløydagene har 40-årsjubileum i år, og inviterer til jubileumsfest med blant andre Heine Totland, tradisjonelle vikingar og disc golf-turnering.

– Vi ønskjer å lage til ei stor utandørs salsmesse med mykje kulturell underhaldning for store og små under dette store jubileet for Måløydagene, fortel leiar i Handelsforeininga i Måløy, Bente Jørgensen.

Årets Måløydager blir arrangert 24.–26. juni. Som tidlegare år blir delar av Gate 1 og Sjøgata stengt i tre dagar og komiteen håpar å tilby aktivitetar som passar for dei aller minste, så vel som dei aller eldste.

Rock and roll

På laurdagskvelden i festivalteltet har det vore tradisjon at Måløy Musikklag har hatt eit show.

– Dessverre vart det ikkje mogleg for dei å gjennomføre dette i år, men vi har skaffa ei fantastisk erstatning i Heine Totlands Sensational Rock and Roll Cirkus. Dei er eit fyrverkeri av ei gruppe, som garantert vil lage topp stemning, seier Jørgensen, som ikkje vil avsløre kva som skal gå føre seg på fredagskvelden i teltet enno:

I tillegg til rock and roll, lovar arrangørane god stemning når det britiske bandet The Whole Shebang kjem til Måløy.

– Dette er livleg irsk musikk, som vi kjem til å høyre både ute i gata på dagtid og som oppvarmingsband i teltet, forklarar Jørgensen.

Sporty og tradisjonsrikt

– Vi håpar vi har litt for alle. Vi held også på nokre tradisjonar, så det blir paradetog gjennom gata, med premiering for beste kostyme, seniordans og gudsteneste, fortel Jørgensen.