Sigrid Moldestad tek med seg konsertproduksjonen Blågras til Rockweekend i Bremanger.

Festivalen går av stabelen 9. -12. juli og det blir konsert med Sigrid Moldestad og Blågras søndag i Bremanger kyrkje.

Moldestad har for tredje år på rad invitert til musikalsk meistermøte i heimbygda Breim under Norsk Countrytreff, og for fyrste gong tek konserten ein ekstra stopp på vegen før alle dreg kvar til sitt, skriv festivalen i ei pressemelding.

På kyrkjekonserten i Bremanger får publikum møte særeigne musikarar som står støtt i sine tradisjonar i aksen Skandinavia-Storbritannia-Amerika. Det blir unikt banjospel, fele og fortellarkunst frå Applachianfjella ved Riley Baugus og Brad Leftwich. Riley Baugus har spelt på platene til både Alison Krauss, Willie Nelson, Robert Plant og i filmen ”Cold Mountains”. Det blir energisk virtoust old-time-felespel av unge, men allereie legendariske Brittany Haas, m.a. kjend frå bandet ”Crooked Still”. Ho kjem saman med svenske Lena Jonsson, i seg sjølv eit fyrverkeri og ei av dei mest markante yngre folkemusikarane frå Sverige.

Frå Skotland kjem Karine Polwart. Ho syng balladar og eigne songar med ei av dei vakraste røystene frå landet. Det same kan seiast om Kris Drever, gitarist og songar, opprinneleg frå Orknøyane. Euan Burton skal spele bass, også han med ei imponerande merittliste. Den norske langeleiken møter Hank Williams gjennom Anders Røine sitt uttrykk. Han har m.a spelt med Sigrid Moldestad på siste plata hennar og er også kjend frå duoen Sudan Dudan. Sigrid Moldestad er som forrige år produsent og musikar.

Andre artistar ein får oppleve på festivalen er Miami Vice Machine, Aksel, King Pleasure and the Biscuit Boys, Admiral P, Lava, Ida Jenshus og Adam Douglas.