Bandet Lovespeak, med eidar Alexander Pavelich i front, gir i dag ut debutalbumet sitt DNA.

– Plata har vore klar sidan juni i fjor, men vi ville gje den ut på våren for å spele på lag med naturen og kjenslene på plata. Den er full av sommar, varme og koseleg stemning, fortel Pavelich, som saman med Andrew Murray , Andreas Westhagen, Christian Balvig, Martin Kaasa, and Elisabeth Nesset utgjer Lovespeak.

Pavelich beskriv musikken som at den er eit forfriskande dykk i feel good-pop med lydar og groove frå 70-, 80- og 90-talet blanda i ein moderne produksjon.

Tidlegare har bandet slept singlane DNA, Tightrope og i førre veke Dreamer. Sistnemnte fekk 15.000 avspelingar i løpet av 24 timar.

– Dette er jo eit bransjetreff, så til vanleg er det ofte personar som står med hendene knytte over brystkassa og føl nøye med samstundes som dei notera i hovudet, men under denne konserten kunne ein sjå at folk hadde det veldig kjekt. Auga til folk lyg ikkje og det var tydeleg at det var god stemning, sa Pavelich til Fjordenes Tidende etter konserten.

Bandet fekk i dag ein femmar på terningen frå Dagbladet for albumet DNA.

– Vi har fått veldig mykje bra tilbakemelding på låtfronten og folk snakka om konserten vår som høgdepunktet på Bylarm. Det er veldig kjekt, seier Pavelich.

– I år prioriterar vi nøkkelfestivalane. Det blir ein stor haust for oss med konsertar i Norge, Tyskland og USA, fortel Pavelich.