Bremanger musikklag har fylt Grieghallen tre gongar. I helga viste dei fram det beste frå to tiår på heimebane i Bremangerhallen framfor 520 publikummarar.

– Ein skulle verkeleg tru at dette var profesjonelle musikarar. Dei er verkeleg gode, sa konferansier Ingvild Bryn som ikkje kunne få rost musikklaget nok frå scena laurdag.

Musikklaget, som øver ein gong i veka, har laga filmar og revyar, og spelar julekonsertar og er fast innslag på 17. mai i Berle, fekk også vist fram fleire sider ved seg under showet. Dei to revynummera «Drosjene» og «Bryllaupsreisa» sørga for mykje latter i salen. Her tok musikklaget føre seg både eigedomsskatt, helsevesenet, innsamling til vegprosjekt, lokal politikk og lokale personar.

Heider og ære

Under showet vart det også rom for å heidre det musikklaget seier har vore ein avgjerande person for at ein i det heile tatt har eit musikklag i Bremanger. Dirigenten frå oppstarten i 1996, Harald Hauge, vart sett pris på med blomar, ståande applaus frå scene og sal og ein marsj, som Hauge er svært glad i. Han heldt fram som dirigent til 2007, men har også i dei seinare år vore sentral.

– Då vi starta korpset i 1996 var ikkje Harald vond å be. Han har vore ein utruleg viktig person for laget, og har sørga for at vi er der vi er i dag, konstaterer Anne Kristoffersen.

– Bremanger musikklag leverer igjen. På ein slik dag er eg veldig kry over å vere frå Bremanger. Vi klarer ikkje å velje eit høgdepunkt. Alt er høgdepunkt, sa Møyfrid og Asgeir Solheim midtvegs i programmet.

Aktørane som var på scena kjende på at folk likte det dei såg og høyrde.

– Dette var heilt fantastisk. Vi har fått utruleg mykje positive tilbakemeldingar i etterkant av konserten. Det var god stemning både på scena og i salen, så dette gir oss motivasjon fram mot neste jubileum, smiler Anne Kristoffersen, når ho samanfattar den nesten tre timar lange konserten.

Treff tonen i lag

Musikklaget vart starta i mars i 1996, men allereie i 1995 var ein inne på tanken om eit slikt lag.

– Vi var ein del gamle musikantar som hadde lyst til å spele igjen og snakka om å få til noko saman. Skulemusikken i Berle vart lagt ned, så vi overtok nokre instrument derifrå, og dermed så var vi i gang, fortel Kristoffersen og Otto Igland.

Musikklaget, som består av 32 musikantar frå 22 til 67 år, har blitt tildelt både den kommunale og fylkeskommunale kulturprisen. Trass i at dei no har blitt ein rutinert gjeng får dei stadig nye medlemmar i laget.

– Vi har det veldig kjekt i lag, og det er det som driv oss. Samhaldet og humoren er i høgsetet, og det er lite konkurranse. Vi har prøvd oss i ein konkurranse ein gong, men det blei med det, smiler leiaren for musikklaget, Siv Petre Grotle.