Elvisfestivalen, som startar i dag, har allereie selt ut sin første konsert.

- Kyrkjekonserten er utselt og det er fantastisk! seier Helge Hjelle som er ein av arrangørane av Elvisfestivalen.

"Elvis in church" er den første av i alt tre hovudkonsertar og skal vere i kveld i Sør-Vågsøy kirke. Det er denne konserten som er utseld.

-  Vi har også hatt stor pågang etter at billettane til kyrkja blei utselde, fortel han og gler seg stort.

Om ein ikkje får med seg konserten torsdag kveld, får ein mulegheiter til å oppleve fleire konsertar i helga.

- Eg anbefalar fredagen i teltet. Showet blir heilt spektakulært! Det er eit kjempeprogram både fredag og laurdag, seier Hjelle og legg til at det er det lagt ut 500 billettar til kvar konsert.

Fredag kveld blir det "Elvis Tribute in Måløy" med bandene Sideshow Bob og Elvis Tribute band, samt eit forrykande pyroshow.

Laurdag kveld blir det "Aloha from Hawaii" med mellom anna Johnny Fortuno henta inn frå Honolulu og Isak Søraa. Hjelle fortel at billettane  også her går unna.

Om det er fint vêr kan det vere at festivalteltet "Graceland" blir opna opp for å gjere plass til fleire.