Ein av verdas fremste tolkarar av Elvis tar turen frå Hawaii til Måløy for å gjenskape ein konsert Elvis heldt i Honolulu for 40 år sidan.

Arrangørane av Elvisfestivalen tok sjansen og spurde Johnny Fortuno, som har eige Elvis-show i Hawaii, om han ville delta på Elvisfestivalen i Måløy neste helg.

– Vi vart eigentleg litt overraska over at han takka ja til å ta seg fri og fly i 20 timar for å ha show her i Måløy, seier Helge Hjelle.

Laurdagen er hovudshowet ein tilnærma lik konsert som Elvis hadde i Honolulu på Hawaii, kalla «Aloha from Hawaii». Saman med Isak Søraa og bandet Sideshow Bob lovar dei ei stor oppleving.

– Det blir heilt spesielt. Det blir som i Honolulu for 40 år sidan, og den einaste som ikkje vil vere der er Elvis Presley sjølv. Med Johnny Fortuna og Isak Søraa vil det bli veldig bra, fortel Hjelle.

Les hele saken i onsdagens papirutgave av Fjordenes Tidende.