På fredagen under dei 40. Måløydagene stiller arrangørane med eigenprodusert show fylt med internasjonale, nasjonale og lokale stjerner.

– Det er fyrste gong vi syr saman vårt heilt eige show. Det blir absolutt eit show som er eit jubileum verdig, fortel Bjørn Tungevåg, som sit i komiteen for Måløydagene, om showet som skal gå føre seg i festivalteltet fredag 24. juni.

– Det blir meir «trøkk» og show enn kva det har vore før. Det kjem til å ta av, seier ein entusiastisk Tungevåg, som sit i komiteen saman med Annette M. Silden og Vince Houston.

Lokale idol

På plakaten for showet fredag finn ein namn som Jørn Trollebø, Håkon Kongshaug, Kennet Silden, Celine B. Mork, Annette Myhre Silden, Annette og Ingelin Gil og Tiffany R. Houston.

Som backingband for det heile har Måløydagene booka inn Hit Station, som i tillegg skal avslutte showet.

– Hit Station er utruleg flinke. Dei har også fått med seg Kennet Silden, som er eit instrumentgeni, så han vil komplettere dei på ein veldig fin måte, seier Tungevåg.

Frå boyband til Måløy

I tillegg til dei lokale stjernene har arrangørane booka inn Christian Ingebrigtsen, som tidlegare var med i boybandet A1, og Gaute Ormåsen, som fekk andreplass i Idol i 2003.

Gaute Ormåsen (t.v.) og Christian Ingebrigtsen skal spele sine eigne og kvarandre sine songar, under showet, som både fredag og laurdag blir leia av moromannen Geir Gjelten. Pressefoto

– Dei har øvd inn kvarandre sine songar, noko dei ikkje har reist rundt med så veldig lenge, fortel Tungevåg.

Nokon som er langt frå lokale er dei irske musikarane i The Whole Shebang. Irane var til stades under Måløydagene i fjor, og arrangørane trur årets konsert blir enno betre.

– Dei kjem med sekkepiper og fløyter, og det blir eit heilt anna lydbilde enn det vi har vore vitne til tidlegare, seier Tungevåg.