15 gardbrukarar på Hoddevik - Liset har i år fått tildelt 365.000 kroner til vedlikehald og skjøtsel av kulturlandskapet.

Tidkrevjande arbeid

Det er i hovudsak Landbruksdirektoratet som står bak ordninga med utvalde kultur- landskap, og Gjerland meiner det er positivt at gardeigarane får ekstra betalt for å ta vare på naturen rundt seg.

– Uvelkomen vegetasjon og attgrodde enger er noko av det midlane kan brukast til, slik at ein kan halde landskapet ope, forklarar Gjerland.

Ho fortel at ansvarleg frå fylkeskommunen vil prøve å besøke dei utvalde områda, og ha jamn oppfølging av dei planlagde tiltaka.

– Solid samfunn

I 2012 fann Ågot Hopland ei helleristning på Drage, men fortalde ikkje om den før i vår. Gjerland seier at helleristninga på Drage ikkje var ein utløysande årsak til at Hoddevik - Liset blei vald ut, men meiner at dette bekreftar verdien av kulturlandskapet.

– Helleristninga viser berre det solide samfunnet som eksisterte på Drage i bronsealderen og tida før. Den styrker dette utvalde kulturlandskapet, seier ho.

Enormt mangfald

Gjerland seier at ho ikkje trur folk er klar over kva for kvalitetar vi har i fylket.

– Mangfaldet i artane er enormt, og no er det ei ypparleg tid for å besøke desse kulturlandskapa, både med tanke på blomstring og vêr, understrekar Gjerland.