Etter fleire vellukka opplegg tidlegare inviterer no Stadt Naturguiding ved Grete Solborg Fure til tur og rekvedkurs på Stad saman med Rita Borgundvåg frå Natur til Inspirasjon. Ho har galleri og verkstad i Borgundvåg.

Arrangementet blir 12. juli og temaet er helleristning og rekvedskilt.

– Vi besøkjer mellom anna den nyleg oppdaga helleristninga på Drage og samlar inspirasjon og rekved som vi lagar skilt av, under kyndig rettleiing av Rita frå Natur til inspirasjon, fortel Solborg Fure.

Ho legg til at Rita lagar flotte ting av gjenbruk- og rekved som dei frammøtte også får sjå.

Solborg Fure fortel at ho saman med Borgundvåg har hatt ein rekkje turar og kurs som har vore varierte, men felles er at ein samlar rekved og/eller inspirasjon, og har kreative kurs etterpå.