Fiskar Dagfinn Værøy forstod at noko var galt fatt denne søndagskvelden i 1969. Det berga to liv og ei skute.

- Eg var tilfeldig ut ein tur og såg etter husa før eg la meg. Eg let att døra til vedahuset etter som 10-meldingane varsla kuling og snøkave til natta. Då høyrde eg ein einsylindra semidiesel som dunka ut mellom falla vestanfor Værøyna.

Dagfinn speida utover i retning lyden, og oppdaga lanternene på eit farty. Sidelanternene synte at båten dreia, skifte kurs heile tida. Lyden av båtar var ikkje uvanleg i Værøyna. Det som fekk han til å stusse var det ureine farvatnet båten manøvrerte i, og i det veret som var. Maskina gjekk heilt på sakte ei tid, så vart den stramma opp, og etter kort tid slakka ned att. Dette hende fleire gonger.

– Synet av signala gjorde det straks klart for meg at dette var eit farty på villspor. Der var inga lei der ute mellom falla. Det verka på meg som båten ikkje visste å komme seg derifrå. Noko som synte seg å vere rett, når eg seinare fekk snakke med karane om bord.

Manøvreringa skapte mistanke om at noko ekstra var på ferde der ute i fallgarden. Det var noko som ikkje stemde, som han måtte undersøkje før han gjekk til ro. Dagfinn gjekk inn og sa frå til kona at han tok snekka og reiste vestom. Han kledde seg, tok med ei lommelykt og starta Sabben.

Lina og Odd Jarand Rygh kom til Kalvåg for å helse på redningsmann Dagfinn Værøy (t.h.). Her i sjarken til Gunnvald Sundsøy (t.v.).

– I måneskinet gjennom flakkande skyer kunne eg etterkvart sjå konturen av skøyta. Det var ikkje sterk vind, men godt drag i sjøen. Snekka kom opptil skutesida, så nær at vi kunne rope.

Det synte seg at mannskapet om bord var far og son. Sonen stod i styrehuset og faren var utkik. Då Dagfinn kom til, hadde dei fånyttes prøvd å komme vidare. Men straks dei fann det dei trudde var ei opning ut i reint farvatn, så braut det framfor skøyta, same kva retning dei prøvde. Dei var fanga av brot i alle retningar.

Dagfinn gjekk så nær han kunne våge, og ropte at dei måtte fylgje etter snekka der han lyste føre med lommelykta. Det vart tvert avvist av karen på dekk. Han skulle ha Dagfinn om bord, ingen diskusjon. Han var så oppkava og avskræmd etter opplevingane dei siste timane at han ville ha Dagfinn til å styre skøyta utor det ureine farvatnet.

Det enda med at Dagfinn kasta tampen om bord, gjekk så nær han kunne våge og boks sjølv etter, og stod på dekk. Det fyrste han gjorde var å finne tau om bord på sandjekta og forlenge slepetauet til snekka. Det var så kort at det straks ville ryke under slep. Deretter gjekk han opp i rorhuset og tok over rattet og manøvreringa. Alle rutene var oppe og dekka med is og snø så det var ikkje råd å sjå ut. Karane om bord sa dei gjekk ikkje opp, så Dagfinn var klar å knuse ei. Men fyrst prøvde han å opne ei ved å drage i ei lerreim som hang på innsida av rorhusveggen, som vanleg på den tid. Og ruta glei straks ned. Då han fekk fritt syn, kursa han austover og fann ein sikker opning ut av brota som omringa dei, med snekka på slep.

Sjølv for ein lokalkjend fiskar var det fårlege passasjer, særleg i mørkna. Vest av Værøyna stod to stakar på grunnar eller fluer, og desse måtte han ikkje ta feil av med ein båt som stakk så djupt som Virka. Dagfinn overlet roret til den yngste, sjølv om han var plaga av sjøsykje, og gjekk fram på bakken for å sjå. Heldigvis var det litt månelys, ikkje heilt kolmørkt, så Dagfinn kunne orientere seg, og han skimta stakane såpass at han kjende dei i ser.

– Eg var glad då vi kom så nær Værøyna at eg kjende dei att i mørkna, hadde eg teke feil, ville det gått gale. Etter desse grunnane gjekk det greit å komme aust om Værøyna der han gjekk opp til kaia og sa frå til Britt at han reiste ein tur til Kalvåg før han kom heim. På turen innover auka vinden etter meldingane, og snøkaven minka sikten. Dagfinn førte imidlertid skøyta i eit farvatn der han var sikker, dessutan såg dei fyrlyktene i leia innover. Så seilasen gjekk utan vanskar og utan uhell. Og Virka la til kai på Kalvåg hamn ved midnatt.

Dei to karane fortalde litt frå reisa sørover denne dagen. Siste sikre landkjenning var lykta på Buholmen ut for Stadt. Vidare var dei sikre på at dei ikkje hadde reist gjennom Måløysundet.

Før han gjekk om bord i snekka fekk Dagfinn utbetalt bergingsløn på to hundre kroner. På turen heimover bles nordvestkulingen opp og snø-kaven stod imot. Han kom heim før uveret kom på topp. Då låg Virka trygt fortøygd ved kai i Kalvåg.

I årevis seinare tenkte Dagfinn ofte på lostenesta og vågestykkje han gjorde denne desembernatta for 46 år sidan.

– Kvar gong eg seinare har tenkt på dette som hende har eg også tenkt på den fåre eg sette oss alle tre i. Båtane låg og valt og slingra i alle retningar. Så eg kunne fort ha hamna i havet. Heldigvis kom eg meg om bord på fyrste forsøket. Hadde eg fere på sjynn, så hadde vi vore hjelpelause, og ville mest truleg omkome alle i hop, seier Dagfinn og legg til:

– Når eg ser attende på hendinga er eg sjølvsagt glad over at folk og fartøy vart berga. Men eg har mange gonger seinare tenkt at dette var noko som aldri skulle vore gjort. Eg hadde ingen garanti for å komme levande frå det.

– Kva meiner du hadde skjedd med dei to karane dersom du ikkje hadde gått ut?

– Etter min ringe forstand var det berre ein ting som kunne skjedd. Skøyta ville før eller seinare hamna oppe i eit brot og slege hol, forlist og sokke ned og folket drukna.