– Det er ei udelt hyggeleg oppleving å vere på scena under Måløydagene. Det kan bli litt «bråk», men det er ikkje alle forunnt å få ein så god respons, smiler leiar for Måløy Musikklag Leif-Kåre Holvik.

– Vi prøvar å legge eit løp som passar for dei fleste i publikum. Vi kjem til å bruke ein del frå dansegallaen, men vil også fylle på med noko med endå litt meir trykk i. At folk skal ha det kjekt er eit godt nok mål i seg sjølv, seier Holvik.

Veit kva som fungerer

Musikklaget tar med seg om lag halvparten av repertoaret frå dansegallaen, som vart arrangert tidlegare i år. Resten blir ifølge Holvik litt meir partyliknande musikk.

– Dette er ei god gamal oppskrift. God song, god musikk og godt komp. Vi satsar på ein flott kveld, med minst like bra stemning i salen som på scena. Vi har gjort dette før og veit difor kva som fungerer. Vi har bygd om programmet litt i forhold til dansegallaen. Det er ei litt anna tenning i Måløydag-samanheng, legg Holvik til.

50 aktørar i sving

Når Måløy Musikklag entrar scena laurdag er det med 25 nummer klare til framføring. Som songarar har dei fått med seg Hans Christian Helgesen, Jakob Hals, Celine Mork, Andrea Santiago Stønjum, Håkon Kongshaug, Sonja Ellefsen, Egil Melvær og Randi Melheim.

Dei siste vekene har musikklaget intensivert øvingane.

– Vi må friske opp låtane og hente dei fram att, forklarar Holvik.

– Til saman blir vi nok mellom 40 og 45 aktørar på scena. I tillegg skal vi ha med oss dansarane frå dansegallaen, så det blir veldig kjekt.