– For meg har hotellbrannen vore ei katastrofe. Eg hadde mange som kom langvegs frå for besøke meg, og så sov dei ei natt eller to på Selje Hotel.

– Så du har merka bortfall av kundar allereie?

– Ja. Det kjem ingen på blåtur eller damer på tur med klubben i helgene lenger. Mitt atelier ligg jo berre ein liten spasertur bort frå hotellet. Men den type besøk er heilt borte, seier Amdam, som no nedskalerer sommartilbodet også.

Hotellbrannen 25. november 2016. Arkiv

– Ja, dette vil påverke drifta. Eg vil tape publikum og omsetning på det, så eg må forenkle litt til sommarsesongen.

– Som ein direkte konsekvens av at hotellet er vekk?

– Ja. Hotellet var av stor betydning for seljesamfunnet.

– Eg har hatt eit kolossalt besøk av prestar, pilegrimar og bispekontor. Eg har jo også eit ortodoks kapell på eigedomen min som er ope og der vi har gudstenester, seier han.

Trur på anna konsept

Amdam har vanskeleg for å tru at det vil kome nokon utanfrå og satse pengane sine på å bygge opp igjen Selje Hotel.

– Dei som satsar på hotell gjer det ved flyplassar og i Bergen sentrum. Å bygge og drive hotell er hardt arbeid døgnet rundt, seier han.

– Det er tingen, trur eg. Juvet er fullbooka eit år framover. Eg veit kor bra det er, eg har både budd der og ete der. Eg trur meir på ei slik løysing enn eit stort eller mellomstort hotell, seier Amdam, som peiker på at det også ville blitt ein tung jobb å bygge opp att renommeet til Selje Hotel i opphavleg form.

– Hotellet var nedslite og det gode ryktet var øydelagt av dei nye eigarane. Slikt skal mykje til å rette opp att, seier han, og legg til:

– Men viss det kjem nokon, vil eg sjølvsagt applaudere det.

– Må vere om oss

Maria Vengen i Stiftinga Sankta Sunniva, Stad og Selje synest det er leit å høyre at hotellsituasjonen påverkar bedrifter. Ho tenkjer ein no må vere om seg.

– Eg jobba hardt i mange månader etter brannen med å finne løysingar, og har vore i kontakt med dei fleste. Vi har vurdert flotell, veteranskip, gamle hurtigruteskip, supplyskip, og eg fekk nesten tak i eit National Geographic luksusskip. Der var alternativ, men vi må også ha investorar og folk til å drive det. Og det er ofte to ulike ting. Stiftinga kan ikkje gjere det, seier Vengen.

Maria Vengen i Stiftinga Sankta Sunniva, Stad og Selje seier ein må tenke annleis denne sesongen.

Ho trekk fram Furebuda på Stadlandet der ein no jobbar med eit hotellprosjekt og utviding av overnattingstilbodet.

– Det kom verkeleg då vi trengde det mest. Og eg tenker kanskje også at vi no er der at vi må be folk gjere ein samfunnsinnsats og opna heimane sine, til dømes gjere dei tilgjengelege på Airbnb, seier Vengen, som meiner ein no meir enn nokon gong treng ei god og oversiktleg nettside der ein finn alt av informasjon om overnattingstilbod, stader å ete og aktivitetar.

– Her er det moglegheiter til å skaffe grupper av tilreisande. Dagsturisme på denne måten vil også Amdam tene på, seier Vengen, som også peikar på at ein må framsnakke kvarandre.

– Vi må gjere det vi kan for å gjere kvarandre synlege.