Arnkjell Barmen Groven (49) skildrar det som ei enorm fridomskjensle når han krusar innover fjorden i kabrioleten sin ein finvêrsdag.

Vi har vel alle kasta misunnelege blikk etter kabrioleteigarane som køyrer rundt i bilar utan tak når sommaren kjem og temperaturen bikkar 20 grader.

Men så var det dei andre 350 dagane i året då. De fleste dagar blir du søkkvåt på våre kantar om du ikkje sit godt under tak i bilen. Arnkjell (49) frå Måløy seier likevel han ikkje har angra eitt sekund på at han kjøpte den feite BMW M325 ci caben for åtte år sidan.

Chihuahuaen Shakira elskar også å køyre bil og er ofte med når Arnkjell rullar rundt i BMW-caben sin.

– Det var nok av både vener og familie som lurte på kva eg skulle med kabriolet på våre kantar. Men eg har aldri angra. Når finvêret kjem, køyrer eg heile tida. I vinter hadde eg ikkje skilt på han, men då eg fekk dei på 9. juni og det var finvêr, køyrde eg heile helga. Når sola kjem, køyrer eg rundt og kosar meg og høyrer musikk. Det er ei enorm fridomskjensle – balsam for sjela og røyndomsflukt, skildrar bilentusiasten.

Krusar rundt i fjorden

Firebarnsfaren med lidenskap for bil fortel at turen ofte går innover fjorden til Eid og Stryn, eller Vågsøya rundt frå Måløy til Refviksanden, vidare til Halsør, Kvalheim og Kråkenes.

Ut av høgtalarane kjem tonar frå tøffe band som AC/DC eller Def Leppard. Både vener og familie har lyst å sitje på. Og ikkje minst chihuahuaen Shakira som elskar å køyre bil.

– Etter at eg fekk denne bilen, er det tre-fire andre her i Måløy som også har skaffe seg kabriolet. Det kan anbefalast, slår han fast.

Vinterbil også

Negative hendingar som lekkasje eller trøbbel med ledd og hengsler har han aldri opplevd.

– Nei, eg har kjøpt hardtop til bilen. Det vil seie eit tak av hard plast som eg set på om vinteren. Då blir det akkurat som ein vanleg bil. Det er godt isolert, eg frys aldri, fortel han.

– Dyrt, men verd pengane, seier Arnkjell om lakkforseglinga som gjer at bilen alltid er blank.

Arnkjell er ein entusiast som brukar mykje både tid og pengar på å halde bilen i topp stand. Kabrioleten kjøpte han på Austlandet i 2008 for 300.000 kroner, då hadde han gått 200.000 kilometer. No har han plussa på 98.000 kilometer.

Det er ein 2,5 liters motor som er trimma og tuna i bilen, slik at det er 200 hestekrefter under panseret.

– Det sparkar godt ifrå, men eg er så glad i å køyre bil at eg ikkje vågar køyre fort, gliser han nøgd.

Bilvask er helgekos

– Bilen er faktisk 15 år, det er ein 2001-modell. Men han er veldig godt halden, og fin både i motoren og lakken. Folk trur han er ny, fortel han.

Ein kikk under panseret overtyder oss om at dette er ein mann som passar på bilen. Motoren er like rein som ny. Bilinteressa har han hatt sidan han var ungdom. Han har hatt mange bilar gjennom åra. Mellom anna to BMW-ar i 5-serien, Opel Senator og Ford Granada.

Kvar laurdag kosar han seg med bilvask og -pleie.