– Dette er ein milepæl, seier Anita Solberg i heimetenesta område Vågsøy, som no slepp å pålegge dei tilsette å bruke eigne bilar i arbeidstida.

Ho er ein av dei mellom 90 og 100 tilsette i heimetenesta i Vågsøy, som fram til no har brukt eigen bil på jobb.

– Det har vore slik at vi ikkje veit om vi må bruke eigne bilar på jobb eller ikkje, seier Nilsen.

– Vi fekk sett av ekstra midlar frå kommunen til å lease sju bilar til, så no skal alle i heimetenesta ha eigen bil. Det er nok til alle som er på dagvakt, og til dei som er på seinvakt, seier tenesteleiar Anita Solberg.

Etterlengta

– Dette er eit kjempeløft for tenesta. Vi har venta lenge på dette, seier gruppeleiar Maren Sumstad Bakke i sone Måløy, og får støtte frå tenesteleiaren.

– Eg begynte i område Vågsøy i 1999 og allereie då var dette ein diskusjon. Dette har vore eit ønske frå dei tilsette og tillitsvalde lenge, så dei tilsette er veldig glade, seier Solberg.

– Det står jo i utlysingane våre no at ein må sertifikat og vere nøydde til å disponere eigen bil. Det siste kan vi no ta vekk i framtidige utlysingar.

Miljøfaktor

Rune Solvang i Toyota Nordfjord er svært nøgd med «storleveransen» på sju hybridbilar til kommunen, og peikar på miljøgevinsten.

– Det er låge utslepp og forbruk, seier Solvang, som vidare fortel at Toyota Nordfjord er miljøsertifisert etter ISO-standard.

– Og det fine med hybridbilar er jo at dei ladar seg sjølv, legg Solvang til.

– Det er jo mykje start, stopp og småkøyring, seier Solberg.

Tenesteleiaren er også nøgd med å kunne nytte seg av lokale forhandlarar.

– Det gjer det også enklare med tanke på service, seier ho.