– No har vi bestemt dato og er i gang med planlegginga. Vi har valt denne helga fordi det er to helgar etter Måløydagene og to helger før Malakoff Rockfestival, forklarar Kent Rune Bugjerde i festivalen.

– Det blir mykje lokale artistar, og så må vi ha nokre nasjonale. Vi har ikkje bestemt oss for ein spesifikk sjanger. Vi må ha noko som fengjer eit stort publikum, seier Bugjerde.

Arrangørane har fått svært gode tilbakemeldingar på årets festival som drog over 1.000 publikummarar til bygda. Dei meiner at dei med dette arrangementet viste kva som er mogleg å få til i den vesle bygda Refvik med mellom 130 og 140 innbyggjarar.