Dette innlegget er skrive av Kjellrun Breidalen Åsebø frå Måløy.

Som vågsøyværing drøymer eg om at alle barneskulebarna i kommunen får gå til og på ein skule som er nær dei. Dersom vi ikkje har råd til fem skular, er tre barneskular det beste. Då kan flest mogleg barn i kommunen gå til enten barnehagen eller barneskulen i viktige år av livet – år som ofte legg grunnlag for helsa deira framover. I eit helseperspektiv er det derfor svært uheldig dersom alle barn i Vågsøy skal bussast heilt til barneskuledøra frå dei er 5 til 13 år. Viss barneskulen blir plassert på Tennebø vil det bety 40 minutt i buss for barna på Kvalheim, éin veg.

Kjellrun Breidalen Åsebø.

Som vågsøyværing ønskjer eg at skulebygningane vi har blir brukte og tatt vare på. Ikkje at dei blir tomme spøkelseshus eller at dei blir rivne. Det er kostbart. Dersom det blir tre skular i Vågsøy kan Holvik skule og Bryggja skule bli attraktive barnehagar. Dersom ein bygger ei ny felles skule må ein samtidig ta vare på minst fire tomme bygningsmasseområde. Det fornuftige er å bruke pengane på å skape skikkeleg gode arbeidsforhold på dei tre barneskulane for elevane og dei tilsette.

Som mor ser eg fordelane med at barna i kommunen får gå på ein skule som ikkje er for liten, der ein kan finne vennar på eigen alder, og at det er fleire av dei, både gutar og jenter. Eg ser fordelen med at barn frå bygdene Måløy, Holvik og Vågsvåg kan gå i same barnehage i Holvik og på same barneskule i Måløy. Dei blir godt kjende, tryggheita vil auke, overgangen frå barnehage til skule blir lettare og vennskap vil bli endå sterkare fordi dei same barna møter kvarandre på turn, trampett, fotball, klatring og korps. På same måte vil barna i Nord-Vågsøy få det same fellesskapet på Raudeberg skule, og barna frå til dømes Bryggja, Osmundsvåg, Ivahavet og Blålida blir godt kjende på Skavøypoll skule.

Som engasjert og erfaren lærar, er eg ikkje i tvil om kor barna har størst moglegheit til å få den beste opplæringa og den beste oppfølginga. Dersom det blir tre barneskular i Vågsøy, er det rekna ut at det blir 32 klasser og 58 lærarstillingar. På ein felles barneskule vil like mange ungar bli fordelte på 8 færre klasser og det blir om lag 8 færre lærarar. Det er STOR forskjell på å lære vekk, hjelpe, rettleie, sjå, tilpasse til, ha tid til små samtaler med og følgje opp 30 elevar i éi klasse, samanlikna med 18 -23 elevar i éi klasse.

Dersom skulen blir plassert på Tennebø, sa rådmannen at det er kapasitet i Nordfjordhallen. Korleis, verkar det ikkje som han veit. Ikkje forstår dei som arbeider der det heller, vil eg tru. I Nordfjordhallen kan maksimum to klasser ha kroppsøving samtidig dersom ein ikkje lar fleire ulike klassetrinn dusje saman. Dette veit dei som jobbar i skulen, i helsevesenet og som forskar på området, har svært uheldige konsekvensar i våre dagar. Det vil seie at 24 barneskuleklasser og 11 vgs-klasser (der ein del av desse 11 klassene allereie er samanslåtte etter kjønn og garderobekapasitet) skal ha gym i same hall. Dersom planen er å køyre flest mogleg barneskuleklasser saman og la flest mogleg elevar ha gym og dusje saman, må ein tenke gjennom dei mange omsyna ein då får: kva type aktiviteter kan gjennomførast samtidig med så mange elevar samla i hallane, støv og luftkvalitet, sjølvbilde og kroppspress, støynivå, stress og eit mykje meir omfattande behov for skjerming. Men planen er kanskje at mange klasser skal ha utegym store delar av året? Som kroppsøvingslærar hadde eg sett det som uforsvarleg å la barneskulebarn rulle rundt i kunstgraset i fotballhallen kvar gymtime.

Som lærar ønsker eg ikkje at barneskule, ungdomsskule og vidaregåande ligg tett i tett. Eg ønskjer at barn og ungdom òg får sjansen til å starte med «blanke ark» på nokre viktige område, få oppleve forandringar i miljø, kjenne på at det er noko nytt og spennande desse få gongane i eit langt skuleløp, og få føle at dei blir meir vaksne og meir sjølvstendige.

Som vågsøyværing, mor og lærar klarer eg ikkje å forstå mange av dei innhaldslause argumenta som blir brukte i debatten, som at viss vi ikkje får fem skular, då går vi for éin, eller at ein skal ta ein revolusjon for revolusjonen si skyld, eller at det er på tide at folk i Måløy må busse sine ungar òg.

Eg klarer nemleg heller ikkje å forstå

- at foreldre som har kjempe høglydt og stått på for den beste skulen for sine barn, no berre kastar dei same argumenta ut vindauget og vil ha det motsette.

- at spesielt godt vaksne menn har svært sterke meiningar utan å måtte argumentere for dei og utan å komme innom det som betyr noko i denne saka: pedagogikk, barna og helsa deira.

- at til og med politiske parti, der grunnlaget i partiet er nærleik for alle, ikkje lenger bryr seg om dette.

- at vi har god nok økonomi til å bygge ein topp moderne barneskule - som ikkje skal ende opp som ein økonomisk baseskule.

Og eg trur ikkje noko på at

- lærarane i barneskulen i Vågsøy treng eit heilt nytt skulebygg for å vere svært gode lærarar, for å ha eit godt og stort fagmiljø og for å ta i bruk «framtida sin pedagogikk», kva no enn som ligg i dette omgrepet.

Kva er det som skjer? Kvifor set ein ikkje lenger barnet eller eleven i sentrum? Kvifor diskuterer vi ikkje kva som er best for deira skulekvardag og deira opplæring utifrå økonomien? Kva er det som gjer at ein lar ein så viktig debatt av eit så sentralt tema bli styrt av følelsar, av bygder og vaksne som kranglar seg i mellom?

Som vågsøyværing, mor og lærar drøymer eg om at vi klarer å legge alt dette vekk, og tenke klart. Eg veit at Vågsøy kommune har utruleg mange omsorgsfulle og dyktige lærarar. Min draum er at desse får gjere ein best mogleg jobb for flest mogleg barn i kommunen – på tre store skular - som det blir brukt pengar på, slik at skulane blir store og gode nok for dei barna som skal gå der, og for lærarane i arbeidet deira med å utvikle barna, faga sine og pedagogikken sin.