I dag startar nok ein rettssak om 420 kV-kraftlinja gjennom Myklebustdalen ved Ålfoten i Bremanger.

Det er Myklebust grunneigarlag som ikkje godtek namsmannen i Bremanger si avgjerd om tvangsfullbyrding av tiltrede til eigedommane i Myklebustdalen og ber retten sjå på dette.

Det er andre gong dette spørsmålet vert prøvd for Fjordane tingrett, men det er likvel basert på eit nytt vedtak frå Olje- og energidepartementet om kvar linja skal gå.

For å få slutt på argumentasjonen om at avgjerda om linjetrase frå 2011 ikkje var grundig nok eller riktig, gjorde nemleg OED ein gjennomgang av saksmaterialet og kom til eit nytt vedtak. Som var det same som det gamle.

Då dette igjen kom til tvangsfullbyrding hos namsmannen etter at gunneigarane nekta staten tiltrede også på det nye vedtaket, har tvisten nok ein gong hamna i retten.

Det er sett av tre heile dagar til saka i Fjordane tingrett.