– Det var eit sjokk å få brystkreft, fortel Jorunn Gilleshammer og Magnhild Geitle Sundal frå Eid.

Ein av tolv norske kvinner vil utvikle brystkreft i løpet av livet. Kollegaene Gilleshammer og Sundal i Brystkreftforeininga for Nordfjord har sjølve fått kjenne sjukdomen på kroppen.

– Eg fekk brystkreft då eg var i trettiåra, og hadde ikkje tenkt noko på at det kunne skje. Det at eg var mor til mindreårige, var det verste då eg fekk brystkreft. Ein trur at ein skal dø, og tenkjer på korleis det skal gå med ungane, fortel Gilleshammer, som har no vore kreftfri i mange år.

Får mykje støtte

– Det er viktig å møte andre det har gått bra med, og som har levd i mange år etter diagnosen, meiner Gilleshammer.

Berre når ho er til den årlege kontrollen kjem tankane om det kan vere noko endring.

For Geitle Sundal sin del var det gjennom mammografi for tre år sidan ho fekk beskjed om at ikkje alt var som det skulle. I dag er ho under behandling, og jobbar litt redusert.

– Mammografi er omdiskutert, men eg vil slå ein slag for kor viktig den er. Med den blir mykje brystkreft oppdaga, seier ho med erfaring.

Onsdag denne veka stod Sundal og Gilleshammer på stand i samband med at Rosa sløyfe-bussen hadde stopp på Nordfjordeid.

– Vi samlar inn pengar til forsking, og folk er utruleg positive til å støtte oss, seier damene.

For 17. gang blir no Rosa sløyfe-aksjonen arrangert her i landet. Gjennom årets aksjon ønskjer Brystkreftforeininga og Kreftforeningen å spreie kunnskap og informasjon om ulækjeleg brystkreft.

– Det er veldig viktig med kunnskap, seier Gilleshammer.

Rammer mange

Over 40.000 nordmenn har eller har hatt brystkreft. Nærare 18.000 fekk diagnosen for meir enn ti år sidan, og mange vil bli ramma kvart år.

– Nettopp derfor er det viktig å følgje med, seier Sundal og Gilleshammer og fortel at kunnskap om brystkreft kan vere med på å redde liv, og det er viktig at kvinner og menn er flinke til å kjenne etter kular sjølv.

I 2013 var det over 3.000 kvinner og nærare 40 menn som fekk brystkreft i Norge.

– Det er ganske mykje, men det er viktig å huske på at tre av fire blir friske, påpeikar dei.