Bremanger sin nye ordførar Audun Åge Røys (H) vedgår at tidspunktet for det politiske partnarbytet ikkje var av det heldigaste.

– Etterpåklokskap er ein eksakt vitskap. Det er sikkert mange ting vi kunne gjort annleis. Og det var ikkje ideelt at alt skjedde i siste minutt. Men sånn blir det av og til, seier Røys.

Snakka med ungdom

Berre minutt før hadde han hatt besøk av 9. og 10. klasse frå Svelgen skule på kontoret.

– Eg prøvde å forklare korleis demokratiet fungerer, at ein må ha fleirtal, og at det ikkje alltid er det største partiet som vinn fram, seier Røys.

– Nådde du fram til dei?

– Eg er ikkje heilt sikker, men fortalde at vi alle skal jobbe i lag for kommunen sitt beste.

– Mange har snakka om at tilliten no må reisast igjen. Korleis gjer dykk det?

– Det viktige er å sjå framover. Det er fornuftige folk i alle leirar her, og sjølv om mange no er skuffa, skal vi alle vidare jobbe til det beste for kommunen.

– Kvifor var der ikkje vilje til å løyse varaplassproblemet innanfor det avtalte samarbeidet?

– Det er vanskeleg for meg å seie. Eg var ikkje direkte involvert i forhandlingane, seier Røys, som fortel at han har fått flest positive tilbakemeldingar etter torsdagens konstituering.

– Eg har berre fått ei direkte negativ tilbakemelding. Vi har jo fleirtal blant veljarane også med dette nye samarbeidet.

Ikkje demokratisk problem

– Høgre var nest største parti etter valet, og fortener dermed ein framståande plass i lokalpolitikken. Men er det ikkje eit demokratisk problem at det største partiet blei sett på sidelinja?

– Nei, dette er ikkje unikt for Bremanger. Det er forhandlingar og alliansar. Ein ser det overalt, også på riksplan.

– Kva med at to bitte små parti no sit med stor makt i formannskapet – heller ikkje det noko ein samla veljarskare såg føre seg?

– Det kan diskuterast, men det viser seg heile tida i vårt demokratiske system at småparti kjem i nøkkelposisjonar fordi dei kan stille krav for å støtte større parti. Det er gode hestehandlarar i alle parti.

– Vil du seie at kommunestyret har fått ein dårleg start?

– Vi fekk ein uventa start. Det kan vi seie, avsluttar Røys.