Fylkesmannen neier nei til tilskot til fleire skogsvegar i Bremanger.

Fylkesmannen avslår søknaden om tilskot til vegbygging av Kvilevegen på Sigdestad i Ålfoten.

Her var det søkt om bygging av om lag 2.100 meter ny skogsbilveg. Vegen har fem interessentar og løyser ut meir enn 12.000 kubikk furu og lauvskog på 800 dekar produktiv skogsmark. Fylkesmannen viser til at det for tida er svært mange vegsøknadar.

Med avgrensa løyvingsrammer ønskjer ein å prioritere vegar som løyser ut område med mykje hogstmoden gran.

Må vente

Når det gjeld søknadane om tilskot til vegbygging av Furenesvegen i Ålfoten og Tungeskardvegen på Indre Davik lovar Fylkesmannen å handsame søknadane våren 2016.

I eit brev til Martin Førde i Ålfoten og Steinar Sande i Davik skriv Fylkesmannen at dei då vil kjenne rammene for neste års skogsvegtilskot.

På grunn av stor etterspurnad etter skogsvegtilskot etter orkanen jula 2011 har stort sett alle tilskotsmidlar dei siste fire åra blitt brukt på vegar som vart bygd for å løyse ut stormskadd skog, opplyser Fylkesmannen.