Ferske bedekningstal viser at pilene etter fleire år med nedgang no peikar oppover igjen for fjordhest og dølahest.

I 2015 har det vore 226 bedekningar mot 150 i 2015.

– Dette er svært gledelege tal, seier leiar i Norges Fjordhestlag, Janne Seilen, i ei pressemelding.

– Det er sjølvsagt veldig positivt og motiverande at utviklinga no ser ut til å gå rette vegen. Norges Fjordhestlag takkar kvar einaste hoppeeigar som har ført merra si til hingst denne sesongen. Alle bidrag er viktige, understrekar ho.

Over 200 føl

Leiaren påpeikar at dette likevel ikkje er noko sovepute for dei nasjonale hesterasane.

– Tala varierer år for år. Vi er avhengige av at oppdrettarane fører hoppene til hingst, og at dei får selt føla sine. Talet bedekningar er ikkje det same som talet på fødde føl, så vi må framleis arbeide aktivt for å kome over to hundre fødde føl i året, seier Janne Seilen.

Ho håpar difor at hoppeeigarane held fram den gode trenden, og framhevar at Norges Fjordhestlag vil arbeide vidare for å stimulere til dette.

Foto: Ingvild Sveen. Fjordhest.no