Heile 75 prosent av innbyggjarane er imot samanslåing, viser eit forstudium til kommunereforma som Bremanger kommune har gjennomført.

Styringsgruppa som har hatt ansvar for forstudien konkluderer samrøystes med at Bremanger ikkje bør slå seg saman med nabokommunar slik regjeringa legg opp til.

Konklusjonen er at Bremanger ikkje bør gå vidare med reformarbeidet no, men heller konsentrere seg om hovudutfordringa folketalsutvikling. Ei samanslåing vil føre til at Bremanger blir tapar som utkant i ein storkommune, heiter det i rapporten.

– Prosjektet skulle sjå på kva som er best for innbyggjarane. Den samrøystes konklusjonen er at det beste for våre innbyggjarar er å halde fram som Bremanger kommune, seier rådmann og prosjektleiar Tom Joensen.

Stor applaus

Resultatet av prosjektarbeidet vart lagt fram i samband med folkemøte i Svelgen, Davik og Kalvåg denne veka. Sentio har spurt eit representativt utval av 286 innbyggjarar kva dei meiner. Målinga viser at tre av fire ikkje ynskjer kommunesamanslåing, 18 prosent seier dei kan tenkje seg samanslåing, medan åtte prosent ikkje har noko meining.

På folkemøtet i Davik var det applaus for resultatet blant dei om lag 60 frammøtte.

Spriker i tre retningar

Eit interessant funn i målinga er at det spriker når innbyggjarane blir spurt kven ein eventuelt bør slå seg saman med.

– Tala viser at bygdene på sørsida av Nordfjorden vil til Eid, Bremangerlandet er delt mellom Vågsøy og Flora, medan Svelgen-området vil til Flora, seier Joensen.

– Kan ein oppleve at kommunen blir splitta i tre?

– Det er noko ein diskuterer, lovverket blir for tida revurdert.

Også nyvald ordførar Audun Åge Røys (H) har vore i arbeidsgruppa og stiller seg bak konklusjonen, på tvers av kva partiet sentralt står for.

– Ser ein på distrikta er det tverrpolitisk semje i spørsmålet. Det er noko eg vil ta vidare til partiet sentralt. Dette går veldig fort fram, utan at oppgåvene er klare.