Denne kommentaren fra Stig Erik Elliot sto på trykk i Fjordenes Tidende fredag 20. november:

Jula nærmar seg med stormskritt, sjølv om det enno ikkje er advent. Marsipangrisane har vore i sal i åtte månader, og det er vel ein tre-fire månader sidan dei første julegatene blei opna.

Det sikraste teiknet på at det nærmar seg jul, er likevel alle salstilboda som ramlar ned i postkassen. Tre kilo glansa tilbod dagleg – minst.

Det er kjempeartig å lese kva produsentar av alt frå elektronikk, via pynteting og til klede har å seie no når det nærmar seg jul. Skildringane under bilda av dei framifrå tinga dei vil pusha på oss, er så fantasifulle at eg blir imponert. Ta ein enkel ting som ei treningsbukse, eller tights, som Ivar Aasen vel ville kalt det.

Her er eit lite utdrag frå den siste katalogen eg fekk frå G-Sport: «Lang løpetights til herre med grafikk, climacool og formotion (ikkje formation, merkeleg nok – min kommentar). For optimale egenskaper. Dri-Fit materiale transporterer svette og holder deg tørr».

Eg føler for å kommentera. For det første: Med grafikk!?? Er det innlagt tv i brokja?!! Kan du sjå «Tore på sporet» midt i jogginga? (ikkje dumt for min del – når eg joggar stønnar eg oppgitt, og då kunne eg slått to fluer i ein smekk). For det andre: Formotion?!! Er det ei blanding av noko formel 1-greiar og noko anna som skal gje deg sexy ræv? Ikkje veit eg, men eg kan trygt melda tilbake til G-sport at det må meir enn formotion til for å gjera ræva mi sexy.

Så er det dette med Dri Fit og transportering av sveitte. Når eg joggar, vil eg ikkje høyre snakk om at sveitten skal transporterast i det heile. Skal han renna ned langs ryggrada og bli fanga opp mellom rumpeballane – før han sprutar ut gjennom tights-dyser som er skreddersydde for miljøvennleg utslepp??!! Sveitten min skal få piple der han vil, same kva materiale eg har på meg. Tørr blir eg uansett ikkje, for i Bergen regnar det oppover så snart du får på deg joggeskoa.

Eg lurer på om eg skal søkja jobb som sånn reklamemagasintekstskildrar. Eg trur eg har talent. Ein leppestift for damer, i farge raud, kan til dømes bli til dette: «Livsstilspinne som krydrar leppene med sensualitet og gir huda ein ytre glød, i frisk kombinasjon med bioperplysestoff som aukar blodstraumen og gjer deg slank, lukkeleg og rik. I dag kun 99,99. Helsing Pelle Parafymeri». Ville ikkje du gått på den? Eg kjenner at eg nesten har litt lyst til å bruka leppestift no.

Og les du reklametekstane for klede til mannfolk, er det truleg rett å gjera akkurat det: «Røffe jeans til den metroseksuelle mannen som forventar effektivitet, kroppsleg eleganse og saum med minimal luftmotstand.»

Eg ventar, førebels forgjeves, på ei god, gammeldags joggebukse, i grått, med innlagt barskap og parabolantenne. Flatskjerm i skrittet ville heller ikkje vera å forakte. Dei som har lyst til å kjøpa meg ei julegåve eller tre, veit med andre ord kva dei skal leita etter.