– Som eg sa, avisarbeidet var ufornuftig og dumdristig. Men vi var så unge og fann det så spennande at vi ville drive med det.

Dette fortalde Sverre Løken om sin eigen og kompisen Kåre Løvoll sin krigsinnsats.

– Vi var 17-18 år då, jamgamle og optimistar. Unge nok med styrke til å greie alt.

Kameratskapet med Kåre Løvoll gjorde at Sverre var med på orgelgalleriet og pumpa belgen ved gudstenester, med handemakt på den tid. I fronten på orgelet var der ei lita dør, eller luke, inn til orgelet, med lås føre.

Her fann karane ein sikker og høveleg plass for radioen. Tanken var at dette neppe vart fyrste plassen tyskarane ville leite. Som presteson sytte Kåre for løklar inn til åndelege rom.

Sverre og Kåre sat på orgelgalleriet og lytta på London om natta. Dei sat med skrivebøker og skreiv ned kvar si setning då meldingane kom.

Sverre meiner opplaget på avisa dei gav ut var kring 300. Han teikna og illustrerte, med Hitler i galge og hakekors med klør og teksten «Til Helvete!».

Mange fekk avisa på trappa. Det var så få nazistar på Eid at dei var under kontroll.

Sverre og Sunneva Torheim hadde på denne tid oppdaga kvarandre. Dei var kjærestar før ho vart konfirmert. Så ein dag kom spørsmålet: «Kan eg få lov å vere med i kyrkja og høyre på radio?». Og Sunneva vart med ei natt på kyrkjelemmen, eit nagla minne. I 1945 gifte dei seg, og fekk tre born. Dei fekk nesten 70 år i lag før Sverre døydde jula i 2013.

Tyskarane oppdaga uønska avislevering om natta. Kort etter kom der portforbod. Likevel var der ein del som framleis fekk avisa. Sverre mintes denne tida, og såg med litt undring over det han var med på:

– Dette var nok det mest dumdristige eg var med på i den alderen, og seinare får eg vere glad for at det enda godt. Avisa som sirkulerte på Eid vart til slutt meldt til lensmannskontoret. Der ifrå reiste karane rundt og tok prøver av fleire skrivemaskiner på kontor og i forretningar. På same vis prøver av stensilmaskiner. På handelskulen tok Kragset til sides maskina vi brukte. Så fekk dei fri adgang til å ta prøver av dei andre.

Sverre visste ikkje om at nokre av avisene dei lagde hadde blitt tatt vare på fram til i dag.

– Nei, det trur eg ikkje eksisterer. Vi torde ikkje å samle på sånt. Så dessverre. Det må kanskje vere nokon på Eid som har teke vare på dei.

Dei to gutane dreiv avisarbeidet så kamuflert at Sverre meinte at ingen visste at dei stod bak den illegale avisa på Eid. Ikkje ein gong karane i Heimestyrkane visste om redaktørane.

Kåre Løvoll reiste til Ålesund for å studere etter artium, hausten 1943. Under særs dramatiske forhold med klatring over nokre tak greidde han med eit naudskrik å komme seg unna Gestapo og vekk frå Ålesund. Omsider kom han til Little Norway i USA der han vart utdanna krigsflygar.

– Aktiviteten med trykkjing av illegale aviser stansa då Kåre reiste og eg vart åleine, fortalde Sverre og fortsatte:

– Seinare har eg lese at 12. oktober 1942 vart den hardaste forordninga i okkupasjonstida utsteda av Reichkommisar Terboven. Det var trua med dødsstraff for å lytte på anna enn tyskkontrollert radio, og for å lese illegale aviser.

Dette fekk merkbare følgjer. Nokre aviser slutta å komme ut, eller opplaget vart redusert, og sjeldnare utsending.