I helga vart det igjen observert ulv på Nordfjordeid, og saue- og geiteeigarane er uroa.

Denne gong vart ulven sett både på Alsaker og på Stokkenes. Også i Heggjadalen har ein på nytt sett den.

På Stokkenes vart den så vidt sett av ein som i fem-tida på morgonen var ute på revejakt, som kom rett bak den, før han såg den akkurat i skogkanten. Ulven sette store spor i snøen, men mykje nysnø dekte fort over spora.

– Eg likar ikkje tanken på at ulven er her, og håper vi klarer å få bukt med den, seier Arve Dahl i Eid Geit og Sau.

– På Alsaker vart det også sett spor, og i Heggjabygda var den sett av folk. Vi har stadfesta heile tida at den er her, men det er ingen som trur oss lenger. Ulven skal ikkje vere her, seier Dahl.

Fleire stadar

I fjor sommar vart det gjort fleire ulveobservasjonar i Nordfjord, først i juni i Heggjadalen i Eid og i Hornindal.

Den gong uttalte lensmann Webjørn Moa at på sine tjue år ved lensmannskontoret hadde han aldri før høyrt om at det hadde vore ulv i Eid kommune. Utover sommaren var ulven fleire stadar. Det vart funne eit dødt lam ved Stigedalsvegen i Eid, der også ulven vart sett fleire gongar.

Fylkesmannen gav fellingsløyve, men jakta etter ulven gav ikkje resultat.

– Eg forstår at dei er frustrerte over å ikkje bli trudd. Utfordringa er at så lenge dei ikkje klarer å dokumentere at der er ulv, så blir det stilt spørsmålsteikn ved observasjonane, seier Hermund Mjelstad, viltforvaltar hos Fylkesmannen. Han stadfestar at det stadig vart observert det ein trudde var ulv i Eid heile sommaren og utover hausten.

– Det var mange syn og spor, men ein klarte ikkje å dokumentere det, seier han.

Ikkje for seint

Mjelstad minner om at det ikkje er for seint å skyte ulven.

– Det er framleis lisensjakt på ein ulv i regionen vår. Det vart skutt ein ulv i Vest-Agder førre måndag, og då er det ein ulv igjen som ein kan ta i regionen som strekkjer seg frå Aust-Agder til og med Sogn og Fjordane. Lisensjakta gjeld ut mars månad. Om det er ulv i området er det god sjanse til å ta den. No når snøen har kome blir det sporsnø, og tida er ikkje ute, påpeikar han.

– Synsobservasjonar er ikkje godt nok. Ta bilde om ein ser spor, og ring til Statens Naturoppsyn, oppfordrar han.