Opera Nordfjord la litt etter klokka seks ut denne meldinga på nettsidene sine: I samråd med kommuneleiinga har vi vurdert det slik at konserten i Eid Kyrkje vert avlyst av sikkerheitshensyn.

Rapportar seier også at delar av taket på kyrkjetunet har blese av, og at det var litt av grunnen til avlysinga.

- Det fall ned noko stein på kyrkjetunet, og det var lause delar der, men eg trur ikkje det var så mykje, seier Kari Standal Pavelich i Opera Nordfjord.

Ho hadde også fått høyre om eit tre som hadde falle over stien inn til kyrkja, utan at ho hadde sett dette sjølv.

- Men de meinte det var uforsvarleg å halde framsyninga i kyrkja?

- Ja, det går på tryggleiken til publikum. Det bles veldig kraftig no. Vi prøvde, men ein stad går grensa, seier ho.

Opera Nordfjord vil truleg prøve å sette opp framsyninga Opera i Kyrkja torsdag 4. februar.