På strekningane Flatraket-Flister og Venøy-Røyseth jobbar vi på tre feilområde, og det er ikkje sikkert vi blir ferdige i dag, seier Atle Isaksen i SFE Nett laurdag ettermiddag.

Det er skogen i området som gjer det vanskeleg å arbeide, spesielt når mørket kjem. Det varierande vêret er også eit problem som forsinkar arbeiddet.

- Vi har ikkje tenkt å gi oss, men i verste fall kan det altså bli til at vi må gjere dette ferdig i morgon.

Feilen på Maurstad-Lefdal i Vågsøy og Eid er også av dei der SFE ikkje kan love at blir retta i dag.

- Vi håpar å få til dette i dag, seier Isaksen.

Det er også feil mellom Torskangerpoll og Nord Oppedal, og SFE jobbar for at straumen skal vere tilbake i løpet av kvelden.

Feilen på Indre Kvalheim håpar SFE skal vere retta om kort tid, opplyser SFE ti på fem.

I Eid er alle høgspentfeil retta opp, men det kan forekome lågspentfeil hos enkeltkundar, som Isaksen forklarer at dei tek fortløpande.

- Men mykje har heldigvis ordna seg i løpet av dagen, seier Isaksen, og fortel at absolutt alle i SFE har vore på jobb i dag.

- I tillegg har vi hatt med oss eit stort tal skogsagarar og andre frivlillge som har stilt opp. Det har vore stor innsats, seier han.

Har du tips eller bilder av ekstremværet? Send til fjt@fjt.no eller 2399 med kodeord fjt tips. Du kan også merke bildene dine med #fjtno på Instagram.