Utrykkingspolitiet har natt til laurdag hatt trafikkontrollar fleire stadar i Flora og Bremanger.

Ein bilførar som vart målt til 98 kilometer i timen i 80-sonen måtte levere frå seg førarkortet fordi han hadde til saman åtte prikkar.

Dermed går det ei stund før han kan sette seg bak rattet igjen.

Kontrollane var på Rv 5 og Fv 614.

51 bilar vart kontrollerte.

Førarane vart også kontrollert for promille, men ingen bles raudt.