Mattilsynet si smilefjesordning gjer at du kan sjå kor bra eller dårleg din lokale serveringsstad gjer det.

Smilefjesordninga starta 1. januar i år. Meir enn 100 kafear og restaurantar i Nordfjord er del av ordninga, som skal seie noko om dei hygieniske forholda på serveringsstaden.

Blid, nøytral eller sur

Kafeane og restaurantane kan oppnå anten eit smilefjes, ein strekmunn eller ein sur munn etter inspeksjonen frå Mattilsynet.

Det nøytrale fjeset tyder at det funne brot på regelverket og at Mattilsynet har pålagt serveringsstaden å rette opp dette.

Dersom restauranten eller kafeen har fått det sure fjeset er det funne alvorlege eller gjentekne brot på regelverket, som må rettast opp.

Her kan du sjekke din lokale serveringsstad.

Gjer det enklare

Kraftstasjonen Restaurant og Kolonial i Måløy er ein av dei som enda opp med eit smilefjes etter tilsynet. Bente Vonheim ved Kraftsjonen er positiv til ordninga.

– Ein får meir fokus på det å halde seg til kriteria for kjøkken, drift, reinhald og rutine. Så dette er kjempe bra, seier ho.

Mattilsynet forventar at ordninga fører til at kafear og restaurantar følgjer hygienereglane enno betre, og at ordninga skal redusere behovet for fleire oppfølgingsbesøk etter inspeksjonane.

I tillegg ønskjer dei at smilefjesmerkinga skal gjere det lettare for forbrukarane å gjere bevisste val når ein vel kvar ein vil ete.