Statens vegvesen er restriktive, og nektar Eid kommune å henge opp banner langs E39 og rv. 15 som gjeld «Eid inviterer» og «Nordfjordeid senter».

Vegvesenet synes Eid kommune har søkt om altfor mange banner langs hovudvegane, og påpeikar i brev til kommunen at ein ikkje kan reklamere for alle arrangement.

«Vi held fast ved at ein bør halde seg til dei arrangementa som er av ein viss storleik», skriv dei, og viser til at det i Førde berre vert hengt opp banner i samband med Førdefestivalen.

«Vi har forståing for at Eid kommune ynskjer å vise til ei kvar hending i Eid på oppsettet, men vi må halde ei restriktiv linje og likebehandling. Vi gjev difor i år berre løyve til fire ulike reklamebanner», skriv vegvesenet.

Dei gir berre løyve til å sette opp permanent feste for kulturarrangementa Fjordhest for Folket, Malakoff Rockfestival, Opera Nordfjord, og Jakt-, fiske- og friluftsmesse.

Vegvesenet påpeikar at det i år er søkt om fleire banner i tillegg til det dei gav avslag på førre gong. For at omfanget av å nytte banner ikkje vert for stort, må dei sette ei avgrensing for både tidsrom  og kor mange ulike det skal vere.