I Helse Førde, og ved norske sjukehus generelt, har talet på pasientskadar gått opp frå 2013 til 2014.

Dei nasjonale tala for pasientskadar ved norske sjukehus frå 2014 viser at det oppstod minst ein pasientskade som medførte behov for tiltak, forlenga sjukehusopphald eller alvorlegare konsekvensar ved 13,9 prosent av alle sjukehusopphald, skriv Helse Førde på sine nettsider.

Det er ei auke på 0,9 prosentpoeng frå 2013.

I Helse Vest er talet på pasientskadar lågare, men også her ser ein ei auke frå 12,5 prosent i 2013 til 13,4 prosent i 2014.

– Tala er ikkje slik vi ønska, men eg er viss på at om vi ser utviklinga over tid så skal vi sjå at satsinga på pasienttryggleik gir resultat. Det er trygt å vere pasient ved norske sjukehus, seier Herlof Nilssen i Helse Vest i artikkelen på nettsidene.

Skadetypane det er funne mest av er urinvegsinfeksjonar og andre infeksjonar, legemiddelrelaterte skader og kirurgiske komplikasjonar.

Det er vanleg å anslå at halvparten av desse skadane kunne vore unngått med betre rutinar og system.